Aleine saman – korona og kulturen

Tore Renberg – Dei stille dagane

Så kom dei stille dagane
hamrande ned over oss

Vi såg på kvarandre

sjenerte igjen
fine igjen
redde igjen

Dei stille dagane var vonde
og vene
på ei og same tid

Eg kjende jubel
depresjon, melankoli, kåtskap
Eg spurde:

Kva tid kjem ungane 
frå 
Moria?

Eg sa:
Legg deg på magen
Eg vil sjå deg

Dei stille dagane 
kledde oss nakne 
og som så mange gonger før

gløymde vi støyen 
skuldingane, raseriet, mistrua
frontane som kjem etterpå

Når vi menneske er ferdige 
med å halde fast
i kvarandre

© Tore Renberg (2020)

Tore Renberg Foto: Foto: Marie von Krogh

Tore Renberg (f. 1972) er ein allsidig og populær forfattar frå Stavanger. Han er best kjend for romanane om Jarle Klepp, men skriv òg barnebøker, skodespel og filmmanus. Dessutan er han låtskrivar og popartist.

Les meir på: