Aleine saman – korona og kulturen

Unni Eikeseth - Folkeopplysing i koronaens tid

Naturvitarane har lært oss mykje om smittevern og finn vonleg botemiddel mot koronaviruset. Men styresmaktene må ta dei etiske vurderingane som ligg til grunn for smitteverntiltaka.

Teppet går opp. Scena er sett. Det er desember 2019, og verda er råka av ein ukjent og farleg sjukdom. Dei einaste som kan redde befolkninga, er ei rekke naturvitskaplege forskarar.

Koronapandemien har gitt oss tilskodarplass til å følgje naturvitskapleg forskingsutvikling mens det faktisk skjer. Det høge tempoet på forskingsprosessane, i kombinasjon med at all merksemd er retta mot forskarane, har bidratt til å synleggjere ting som folk vanlegvis ikkje får med seg.

Sidan viruset begynte å spreie seg, har plutseleg «alle» diskutert ting som sjeldan var tema rundt lunsjborda før. Kva er dei beste smitteverntiltaka? Kva er eigentleg skilnaden på influensavirus og koronavirus? Og kva skal til for å utvikle vaksinar mot nye virus?

Pandemien har ikkje berre vore eit kræsjkurs i naturvitskap. Koronakrisa kan også gi oss meir innsikt i korleis naturvitskapleg kunnskap faktisk blir til, det vi kallar naturvitskapens eigenart eller naturvitskapens natur, om du vil. Forskarar har funne at historiske døme kan fungere godt for å undervise i dette temaet. No lever vi i eit slikt historisk eksempel.

Her er nokre av lærdommane korona kan gi oss:

Naturvitskapleg kunnskap er ikkje endeleg

Naturvitskapleg kunnskap er den beste vi til kvar tid har, men han er like fullt mellombels. Kunnskapen varar berre til vi får ny kunnskap. Frå dei første nyheitene kom om ein farleg og ukjent lungesjukdom i Kina før jul i 2019, har vi opplevd mange eksempel på at vi har fått ny kunnskap der vi før ikkje hadde noko, eller at kunnskap har blitt korrigert og erstatta med noko nytt. Først visste ikkje forskarane årsaka til sjukdommen, men i februar 2020 identifiserte forskarar eit til no ukjent virus, SARS-Cov-2 hos pasientane. Sidan har vi kunna følgje ei rekke diskusjonar i forskingsmiljøa, blant anna om viruset kan smitte via luft, i kva grad barn blir smitta, og om ein kan bli immun. Både norske forskarar og  helsemyndigheiter har valt å vere opne på at det er mykje vi ikkje veit om det nye viruset, og har åtvara mot skråsikkerheit.

Forskarar er menneskelege

Naturvitskaplege forskarar liker å tenke på seg sjølv som særleg objektive. Men filosofar, historikarar og samfunnsvitskaplege forskarar som har studert naturvitarar, har funne at dette er ein myte. Forskarar er menneske som alle andre, og dei er sjølvsagt påverka av både vitskaplege teoriar og av samfunnet og kulturen dei lever i. Sidan vitskap er ein menneskeleg aktivitet, betyr dette nødvendigvis også at vitskap til ei viss grad er subjektiv.

Koronakrisa har gitt oss mange gode eksempel på dette. Til dømes har vi sett at forskarar kan komme fram til ulike resultat, sjølv med tilgang til det same datamaterialet. Til dømes har forskarar i ulike land komme fram til ulike konklusjonar når det gjeld kor effektivt munnbind er mot viruset. Her er det lett å tenke seg at forskarane kan ha blitt påverka av om dei bur i eit land med ein sterk kultur for å bruke munnbind, eller om det ikkje finst nokon kultur for slikt smittevern. Kort sagt er det ikkje likegyldig kva for sosial og kulturell bakgrunn forskarar har.

Naturvitskap kan ikkje gi svar på alt

I Noreg har forskarane gitt myndigheitene råd og tilgang til oppdatert kunnskap,  men kva for tiltak som er dei riktige å gjennomføre har blitt overlate til myndigheitene. Dette er i tråd med eit anna kjenneteikn ved naturvitskapen: at det er ei grense for kva naturvitskap kan gi svar på. Om eit måleri av Munch er betre enn eitt av Bleken, om abort er etisk riktig eller gale, om Gud finst eller ikkje, alt dette kan seiast å liggje utanfor det naturvitskapen kan svare på. I forlenging av dette kan det ha vore riktig av samfunnsmessige grunnar å stenge barnehagar og skular, sjølv om forskarane meinte at det ikkje var smittevernfagleg nødvendig. Vitskapsfolk bør kanskje ikkje få avgjere alt.

Teppet går ned. Vitskapen har sigra over pandemien. Kanskje har tilskodarane også fått innsikt i naturvitskapens eigenart i løpet av dramaet?

 

© Unni Eikeseth, universitetslektor i naturfag ved NTNU, forskingsjournalist og sakprosaforfattar 

Bilete av Unni Eikeseth
Foto: Elin Iversen

Unni Eikeseth (f. 1974) frå Førde er universitetslektor i naturfag ved NTNU i Trondheim. Ho har utdanning i organisk kjemi og naturfagdidaktikk og har skrive fleire sakprosabøker, m.a. Jakten på stedsansen i 2018. Ho har og arbeidd fleire år som vitskapsjournalist og programleiar i NRK.

Kjelder: