«Aleine/saman» – diktkonkurranse for alle

Foto: Ingvil Skeie Ljones

I samband med verdas poesidag 21. mars inviterer Nynorsk kultursentrum til diktkonkurranse. Tema for diktkonkurransen er korona-pandemien, i vid forstand.

Verdas poesidag blir feira kvart år den 21. mars etter at den vart innført av Unesco i 1999. Føremålet med dagen er å skape merksemd rundt lesing, skriving og læring av poesi over heile verda. Vanlegvis feirar Nynorsk kultursentrum denne dagen med å gje publikum opplevingar knytt til poesi; i Hauge-senteret, Aasen-tunet, Vinje-senteret og hjå Allkunne. I denne isolasjonstida vi no er inne i må vi finne nye måtar å gjere dette på. Vi veit at mange skriv eigne dikt, barn som vaksne, og i ei tid som dette, der vi er «aleine, men saman» blir dette kanskje endå meir aktuelt. Å skrive dikt kan vere både morosamt og utfordrande. Det kan også hjelpe oss å setje ord på det vi opplever rundt oss. Vaksne kan kanskje skrive dikt om heimekontor, einsemd eller om gatene i byen? Barn kan dikte rundt det å ha inneleik eller å ha heimeskule. Kanskje lurar du på kva bestevenen din gjer på no? Eller korleis skuleplassen ser ut i dag?

Sjangeren er dikt, men kva type diktform du nyttar er heilt opent.

Deltaking

For å vere med i konkurransen må du poste diktet på Instagram-kontoen din eller Facebook-sidene til Aasen-tunet, Allkunne, Hauge-senteret eller Vinje-senteret. Du må merke diktet med emneknaggen #karantenedikt for å bli med i konkurransen. Kontoen din på Instagram må vere offentleg for at vi skal kunne sjå det. Vi oppmodar også om å bruke emneknaggane #verdaspoesidag, #aleinesaman, #koronadikt og #nynorskkultursentrum.

Det er også mogleg å delta med å sende inn dikt per e-post til post@nynorsk.no, så lenge du tillèt at vi kan leggje det ut på dine vegne.

Du kan delta med fleire bidrag. 

Dikta skal vere på nynorsk, innslag av dialekt er godtatt.

Ved å delta i konkurransen samtykkjer du i at Nynorsk kultursentrum kan offentleggjere namnet ditt på nynorsk.no og i sosiale medium og kontakte deg om konkurransen.

Vinnarar

Vi vel ut inntil tre vinnarar i kategoriane barn (til og med 15 år) og vaksne (frå 16 år). Du må derfor skrive under diktet kva kategori du er i.

Alle vinnarane får dikta sine publisert på nynorsk.no og i Nynorsk kultursentrum sine sosiale medium. Førsteplassen i kvar av kategoriane får to fribillettar til valfritt arrangement det komande året i Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret eller Vinje-senteret. Andre- og tredjeplass får kvar sine gåvekort på kr 500 til bruk i museumsbutikkane våre eller i nettbutikken handlenett.no.

Juryen for konkurransen er Anna Kleiva, Stein Arnold Hevrøy og Stina Aasen Lødemel. Jorid Lekve Eide er sekretær for juryen.

Frist

Konkurransen varer frå 18. mars til 22. mars. Vinnarane vil bli kunngjorde 24. mars.

Hugs å merke med #karantenedikt