Anna Kleiva les Janglestrå på utvalde bibliotek

Laurdag 20. november kjem forfattar og omsetjar Anna Kleiva til Austevoll folkebibliotek for å lese frå Janglestrå, den siste diktsamlinga til Olav H. Hauge. Måndag 6. desember les Kleiva høgt på Gloppen folkebibliotek og tysdag 7. desember vitjar ho Vågsøy folkebibliotek med høgtlesinga. 

Anna Kleiva
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Anna Kleiva har sjølv gitt ut tre diktsamlingar og ei prosabok, og har markert seg med ei nyskapande og poetisk stemme. Ho har tidlegare skrive for Norsk Tidend og Norsk Barneblad, gjendikta utanlandske lyrikarar og har gjort fleire turnear for Den kulturelle skulesekken. Kleiva har mellom anna også fått Melsomprisen, Diktardagprisen og Bjørnsonstipendet.

Under årets poesifestival i Ulvik, heimbygda til Olav H. Hauge, las Anna Kleiva frå Janglestrå, den siste diktsamlinga til Hauge. Dette vart stor suksess, og no tek ho lesinga med seg på turné. Arrangementa på Austevoll, Gloppen og Vågsøy folkebibliotek er i samarbeid med Nynorsk kultursentrum, med støtte frå Vestland fylkeskommune. Arrangementa er gratis.