Arenaene våre

Ei stifting med museum i tre fylke

Aasentunet formidlar det språklege mangfaldet og kva det tyder for menneska. Haugesenteret formidlar lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Vinjesenteret skal formidle forteljingar med utgangspunkt i både diktinga og journalistikken.

Du er hjartans velkomen til å oppleve musea våre. Hos oss får du blikk inn i fortida, nye perspektiv på notida og kanskje også trua på framtida?  Vi held til i ein ås, ved ein fjord og på fjellet, og har arenaer i både Vestland, Vestfold og Telemark og Møre og Romsdal fylke. Alle stader vi driv museum driv vi også festival.

Foto av Ivar Aasen-tunet

Aasentunet

I Aasentunet får du forteljinga om kva språk tyder for menneska. Fleire tusen menneske har i over hundre år kome til Aasentunet for å oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Kvar dag finst nye opplevingar i tunet midt mellom Ørsta og Volda. Kvart år inviterer vi til Festspela.

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda

Haugesenteret

Ved  Haugesenteret kan du oppleve dikt og songar frå mange tider og verdshjørne. Senteret rommar forteljingar om dikta til Olav H. Hauge og syner korleis poesien er ein del av kvardagen til mange menneske. Annakvart år inviterer vi til Poesifestivalen.

Promenaden 7, 5730 Ulvik

Vinjesenteret

Vi ønskjer velkomen til omvisingar i Vinjestoga, der journalisten og diktaren Aasmund Olavsson Vinje vaks opp, om sommaren. Litteraturdagane er kvart år i august. Det nye senteret med moderne utstillingar om dikting og journalistikk opnar i 2021.

Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Festspela

Møt aktuelle forfattarar. Nyt konsertar ute i amfiet. Opplev teater, musikk, litteratur og kunst i Ørsta og Volda. Et god mat. Møt trivelege folk. Ver velkomne til Festspela!

Poesifestivalen

Opplev lyrikk og musikk i poesi- og eplebygda Ulvik i Hardanger. Velkomen til poetisk folkefest på Vestlandet i september.

3.-5. september 2021 i Ulvik

Litteraturdagane

Ein gong i året reiser eit titals aktuelle forfattarar, journalistar og musikarar til fjelles for å gi deg gode kulturopplevingar i bygdene i Vinje i Telemark.