Hopp til hovudinnhald

Arne Hjeltnes, Margreth Olin og Simon Stranger til Litteraturhus i Møre og Romsdal

Denne hausten kan publikum på Sunnmøre møte tre kjende stemmer i norsk kulturliv med kvar si ferske bok. Med føredrag om livsval, kjærleik, sorg, familie og identitet ligg det an til mange gode litteraturopplevingar rundt om i fylket. Alle arrangementa er gratis.

  • Arne Hjeltnes, Margreth Olin, Simon Stranger
    1/1
    Arne Hjeltnes, Margreth Olin, Simon Stranger Arne C. Sturlason, Agnete Brun, André Løyning

Programmet tjuvstarta allereie i september med samtalar mellom Margreth Olin og Katrine Langlo. I november kjem Olin attende med føredrag om den nye romanen Utan språk for kjærleik. Etter fleire år i djup sorg møter hovudpersonen ein barndomsvenn att, og gamle kjensler vaknar til liv. Romanen er ei forteljing om sorg, lengsel og motet til å opne seg for kjærleiken på nytt. Olin skildrar både begjær, frykt og håp med den personlege stilen mange kjenner frå filmane og bøkene hennar. 

Seinare i haust kjem Arne Hjeltnes med boka Det går sikkert bra. Gjennom eit langt liv som journalist, programleiar og formidlar har han samla historier og erfaringar frå menneske han har møtt undervegs. Med varme, humor og sjølvironi reflekterer Hjeltnes over spørsmål som kor mykje risiko ein bør ta, kva som kjenneteiknar ein god leiar, og kva vi kan lære av menneska rundt oss. Føredraget er fullt av forteljingar frå eit liv på farten, frå Voss og ut i verda. 

Haustprogrammet blir avslutta av Simon Stranger, som tek utgangspunkt i romanen Stranger. I eit føredrag med bilete og spesialskriven musikk vil forfattaren fortelje og lese frå boka: Om adopsjon, psykisk sjukdom, om å vekse opp med ein ustabil far og om å segle over Atlanterhavet i ein seglbåt som gradvis går i stykke.  

Det er også lagt opp eit godt program for barn og unge i skuletida. Unni Vik møter dei yngste med forteljarglede om soppens univers. Vegard Markhus reiser rundt med leselystprosjektet Bokleik, der litteratur og aktivitet går hand i hand for skulestartarane i barnehagen. Simon Stranger besøkjer vidaregåande skular med boka Du må velge, som inviterer til refleksjon om val, ansvar og demokrati. 

Litteraturhus i Møre og Romsdal er ei litteratursatsing i heile fylket. Om lag 120 gratisarrangement årleg sikrar at om lag 6000 gjester får gode litteraturopplevingar på biblioteket der dei bur. Nynorsk kultursentrum er ansvarleg koordinator for tilbodet på Sunnmøre og Bjørnsonfestivalen på Nordmøre og i Romsdal. Satsinga starta som eit prosjekt i 2020 og fekk etter ei svært god evaluering i 2024 sikra vidare fast støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Alle kommunane i fylket, Sparebank1 Nordmøre, Fritt Ord, Kulturrådet og Human-Etisk Forbund støttar også satsinga.    

Programoversyn

Forfattarmøte: Arne Hjeltnes – Det går sikkert bra

Veke 43

Måndag 19. oktober, kl. 14.00 Herøy folkebibliotek 

Måndag 19. oktober, kl. 18.00, Giske folkebibliotek 

Tysdag 20. oktober, kl. 14.00, Skarbø Sideri & Landhandel 

Tysdag 20. oktober, kl. 19.00, Harøy bibliotek 

Onsdag 21. oktober, kl. 14.00, Stranda folkebibliotek 

Onsdag 21. oktober, kl. 18.00, Stordalshallen 
 

Forfattarmøte: Margreth Olin – Utan språk for kjærleik 

Veke 45

Måndag 2. november, kl. 19.00, Aasentunet 

Tysdag 3. november, kl. 19.00, Sula bibliotek

Onsdag 4. november, kl. 19.00, Brattvåg bibliotek 
 

Forfattarmøte: Simon Stranger – Stranger 

Veke 48

Måndag 23. november, kl. 19.00, Volda folkebibliotek 

Tysdag 24. november, kl. 18.00, Herøy folkebibliotek

Onsdag, 25. november, kl. 19.00, Sula bibliotek

Torsdag 26. november, kl. 18.00, Giske folkebibliotek