Hopp til hovudinnhald

Astrid, mi Astrid

Astrid, mi Astrid, som eine held tå meg,

den tid du var meg så inderleg god!

Den tid du græt kvar ein gong eg gjekk frå deg,

som var kvar laurdags kveld, mins du det no?

/: Då var eg bygdas den sælaste gut,

ikkje eg bytte med prest eller fut. :/

 

”Den du heldt utav Astrid åleine,

då ikkje Svanaug var venar’ for deg;

den tid du var no så snøgg’e på beina,

då du kvar laurdagskveld ila til meg;

/: ikkje med skrivarens dotter ha’ eg

den gongen byta, skull’ eg mista deg.” :/

 

”Heretter berre til Svanaug eg belar,

ho som er alltid så godsleg og blid,

ho som så gildsleg på langleiken spelar,

Svanaug den vene skal no vera mi.

/: Gjerne så ville eg to gonger døy

når eg kunn’ gleda mi venøygde møy.”

 

”No held eg berre ’tå Torgrim den flinke,

eismal eg vald’n blant belarar fleir.

Sveinung, ja Sveinung, du tarv no slett inkje

tenkja at eg kan få hug til deg meir.

/: Tre gonger måtte dei slå meg i hel

når eg berr’ visste at Torgrim var sæl!” :/

 

”Men om eg skulle no Svanaug forlate,

og om eg kom ho kje meire i hug,

og om eg skulle til deg koma atter,

om eg til Astrid igjen skull’ få hug,

/: om eg no trygda at eg vart deg tru,

Astrid, mi Astrid, kva svara då du?” :/

 

”Venar’ enn sola som glar bakom fjellet,

det er han Torgrim, kan eg seia deg.

Og du argar’ enn villaste trollet,

falskar’ enn skummet på vatnet mot meg.

/: - Men eg er lik’vel di trugnaste møy,

berre med deg vil eg leva og døy.” :/

 

 

Tekst: Omdikting etter Horats ved Hans Hanson

Melodi: Norsk folketone

Kjelde: Norsk sangbok, Oslo 1998

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2