Velkomen til Avdeling T
Visste du at alt du har lese om, alt som står i bøker, finst på verkeleg? At kvar historie har blitt til i si eiga verd? At kvar bokverd er superfølsame, og at dersom dei ikkje er stabile, så kan det oppstå eit tåkefenomen og verdene kan kollidere – også med vår eiga? Når dette skjer, så må Avdeling T rykkje ut!
Avdeling T, kva er det, spør du? Det er ei hemmeleg avdeling i Noreg som berre statsministaren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eigne eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.
Podkasten kombinerer spenning og humor med ekte bokverder og forfattarar, og er laga for å vekkje både leselyst og leseglede hos barn og unge.
• Passar frå ca. 6 år og oppover
• Tilgjengeleg på Spotify, Apple Podkast og alle vanlege plattformer
Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum.