Den kulturelle skulesekken

Nynorsk kultursentrum er den institusjonen som lager flest nynorske musikk-, litteratur- og teateropplevingar for Den kulturelle skulesekken. Vi samarbeider med forfattarar, musikarar, dramatikarar, skodespelarar og regissørar for å skape dei beste opplevingane for barn og ungdom.

Dersom du har spørsmål om produksjonane våre eller kanskje ein idé til ein ny så kontaktar du oss på post@nynorsk.no.

Småskulen

(1.-4. klasse)

Musikarane Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones.
Foto: Ingvild S. Ljones

Tenk om eg var ein tanke

I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. steget vere med på ei underfundig reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

Då musikar Annlaug Børsheim fann diktboka «Når morgonfrosken syng», i postkassen, var det som om dikta tok til å synge til ho og melodiar dukka opp i hovudet hennar. I framsyninga får elevane møte tekstane både som dikt og songar. Framsyninga gjev rom for undring og ettertanke, og gjev elevane på leikent vis kjennskap med lyrikk som sjanger og er eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar. Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter elevane dikta både som ord og songar.

Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si diktarverd. Kva er eit dikt, og kva skjer med diktet når det kjem ut frå boka og vert ein song? Endrar diktet seg? Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.

Foto: Humberset foto

Lurivar og det hemmelege skrinet

I «Lurivar og det hemmelege skrinet» møter elevane i 1. til 4. klasse tunkatten Lurivar og ein kunstmålar.

I framsyninga får elevane møte tunkatten Lurivar som har med seg ein koffert med nynorske biletbøker. Så dukkar kunstmålaren opp med staffeli og målesaker. Han har også med seg eit skrin han passar godt på. Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene Lurivar har med seg. Men Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane. Han er også veldig nysgjerrig på kva som er oppi det hemmelege skrinet til kunstmålaren og pønskar ut ein måte for å lure til seg skrinet.

Saman presenterer kunstmålaren og Lurivar nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Under framsyninga teikner og målar kunstmålaren fleire bilete ut frå innspel elevane kjem med.

Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og Kunstmålaren har eit humoristisk driv som gjer at elevane blir utrulig engasjerte.

Forfattaren Lars Mæhle har skrive manus til denne produksjonen, som har form som eit musikkteater med litteratur- og kunstformidling. Komponist Beate Lech har laga musikk til songane som blir brukt i framsyninga.

Mellomsteget

(5.-7. klasse)

Bilete frå Den kulturelle skulesekken forestillinga Les for livet
Foto: Vigdis Nilsen

Les for livet

I Les for livet får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. 

I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det sju utvalde barne- og ungdomsbøker. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet.

Skodespelarar er Oda Alisøy og Ronnie Mega Herdlevær. Lars Mæhle er manusforfattar, og Morten Joachim regissør.

Saman med Nynorsksenteret har vi utvikla eit eige undervisingsopplegg skulane kan nytte i samband med besøket.

Foto: Vigdis Nilsen

Les for livet – fluktrute

Basert på manuset til turneen med same namn har vi utvikla eit fluktruteopplegg («escape room») der elevar i 5.–7. klasse skal finne fram til kjensler, løyse gåter og på den måten kan bli inspirerte til å lese.

Les for livet – fluktrute er basert på eit manus av den prislønte forfattaren Lars Mæhle, og er ein omarbeidd versjon av teaterframsyninga «Les for livet» som turnerer i Den kulturelle skulesekken, også den produsert av Nynorsk kultursentrum. I dette tilbodet går ein formidlar inn i rolla som spelleiar der oppgåva er å guide elevane gjennom oppdraget. Vi fokuserer på å løyse oppgåver og å leve oss inn i forteljinga, der «escape room» blir nytta som eit drivande element. Bøker er gøymde i låste koffertar og barna må løyse gåter og svare på spørsmål for å kome fram til kodane som opnar koffertane. Humor er med som eit element for å ufarleggjere den noko dystre bakgrunnsforteljinga. 

Formidlinga går føre seg på Nynorsk kultursentrum sine arenaar, i første omgang i Aasentunet i Ørsta, men vi skal utvide tilbodet til Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje.

 

Utøvarfoto Charlotte Øster. DKS-framsyning Hjarte i alle fargar
Foto: Monica Storjordet

Hjarte i alle fargar

Hjarte i alle fargar er ei forteljarframsyning for 5.7. trinn. Gjennom høgtlesing av utdrag frå eit utval romanar blir elevane inviterte til å reflektere og stille spørsmål ved eiga oppfatning av forelsking, skeiv kjærleik, kjønn og stereotypar. 

Overalt finst det menneske som er forelska. Dei du møter på gata, på butikken, inne i husa du går forbi og på bakeriet. Tusenvis av forelska folk. Det er jenter som er forelska i gutar, gutar som er forelska i gutar, gutar som er forelska i jenter, jenter som er forelska i jenter, gamle damer som er forelska i kona si og gamle menn som er forelska i kona si. Denne framsyninga handlar om boblande forelsking. Men også om å få vere den beste utgåva av seg sjølv, og det kan jo vere litt vanskeleg, dersom ein føler at andre har meiningar om korleis ein skal vere. Elevane får møte nokre fine, morosame og forelska menneske som ikkje har lyst til å la andre bestemme korleis dei skal vere forelska eller korleis dei skal vere i det heile tatt. 

Forteljarframsyninga løftar fram universelle tema som alle kan kjenne seg att i, samstundes som den utfordrar eiga tenking og førestillingar rundt kjønn og stereotypar. Forteljaren er i utstrekt dialog med elevane undervegs, tek utgangspunkt i utvalde nynorske barne- og ungdomsbøker og vekslar mellom å fortelje, lese og reflektere. I framsyninga er det skeive eksplisitt og synleg, men utan dei problemfokuserte narrativa som vanlegvis følgjer skeiv tematikk i skulen. «Det skeive» visast her fram som ein naturleg del av den menneskelege buketten, der mangfald er ein rikdom.  

Om forteljaren:  
Charlotte Øster er manusforfattar og forteljar. Øster er utdanna mellom anna i dramaturgi, teaterkommunikasjon og munnleg forteljing ved Høgskolen i Oslo. Ho har lang erfaring som forteljar, pedagog og teaterinstruktør, og  turnerer gjennom Den kulturelle skulesekken i gymsalar, klasserom og ute på tur i skogen. 

Bilete frå dansefilmen Utsyn Innsyn
Foto: Einy Åm Sparks

UTSYN | innsyn

UTSYN | innsyn er ein kreativ verkstad som gir elevar frå 5.–7. trinn ein arena for å tileigne seg kunnskap om dans og språk gjennom ei fysisk utforsking av kroppsspråk og eigne rørsler. Saman med  to dansekunstnarar utforskar elevane samanheng mellom språk og rørsle, kommunikasjon og uttrykk. I løpet av verkstaden vil elevane kunne oppdage at kjende ting får ei ny meining. Dei vil få oppleve det å vere sjølvstendige, men samtidig samarbeide med andre. 

 

Det finst mange måtar å uttrykkje seg på gjennom ord og rørsle. I denne produksjonen  skapar vi eit rom der elevane får ein sjanse til å bli meir bevisste på dans og språk gjennom ei kreativ fysisk utforsking av ord, eigne rørsler og observasjon av dansefilm.  

Utgangspunktet for prosjektet er dansefilmane UTSYN og UTSYN | samsyn, skapte av koreograf og dansekunstnar Einy Åm Sparks i samarbeid med Nynorsk kultursentrum. Dei to filmane er inspirerte av arkitekturen til Sverre Fehn i Aasentunet, som tek utgangspunkt i Ivar Aasens liv og verksemd. Gjennom ei veksling av dans og daglegdagse rørsler utforskar dansarane ulike krokar og rom både inne i og utanfor bygget, og ved hjelp av ulike kameravinklar viser filmane bygget frå nye perspektiv. Dette dannar bakteppet for tema som korleis skriftspråket kan vere med å opne for nye univers av kreativitet og kunnskap, og om å stå saman i fellesskap, med alle våre ulike perspektiv og ulikskapar. 

I løpet av verkstaden vil elevane vil bli utfordra til å ta eigne val, samarbeide og å finne kreative løysingar. Gjennom ulike oppgåver endar vi til slutt opp med ein felles dans som reflekterer den individuelle kreativiteten og kvarandre. Dansen blir filma av ein av utøvarane og overført til projektoren, og vi avsluttar verkstaden med ei visning av dansefilmen som vi no har skapt i fellesskap. 

 

Ungdomssteget og vidaregåande

Foto: Ingvild S. Ljones

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus er eit program for ungdomskule og vidaregåande trinn der lyrikk blir utforska gjennom musikalsk ordtevling, kalla rapbattling.

Utøvararne Per Hoff Mydske og Nils Bjelland Grønvold byrjar med å fortelje elevane om skalden i Ulvik, Olav H. Hauge, og hans tvil på seg sjølv og på eiga dikting. Vidare går ferda til andre diktarar som òg har bala med tvil, men som likeins med Hauge har kome ut på den andre sida med eit sterkt og sjølvstendig uttrykk.

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus munnar ut i ei frisk ordtevling mellom rapparane Per og Nils, ein såkalla rapbattle. I ein rapbattle er det eigne reglar som gjeld, ja, ein kan samanlikne det litt som å gå inn i ein boksering. I ringen stiller dei to seg lageleg til for hogg, og må tole mange verbale slag. Men dei får òg sjansen til å slå ifrå seg, og å hevde seg sjølve.

Ved å presentere lyrikk røffare og nærare røynda enn det elevane kanskje er vane med, vil framsyninga bidra til å fjerne eventuelle fordommar mot sjangeren. Vi ønsker å få dei til å tenke nytt om kva poesi og lyrikk kan vere, og gi dei lyst til å skrive sjølve.

Tilbakemeldingar frå skular som har hatt besøk av Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus fortel om elevar som kastar seg over penn og papir for å skrive tekstar som dei seinare battlar over i skulegarden.

På grunn av koronasituasjonen har utøvarane produsert ein gjennomarbeidd digital versjon av framsyninga som kan erstatte fysiske besøk om det blir nødvendig. Denne versjonen nyttar moglegheitene til det digitale formatet for å forklare innhald og verkemiddel på ein audiovisuell måte. Den digitale versjonen inneheld bidrag frå ei rekkje av Noregs beste artistar og låtskrivarar, som alle gir elevane ei utfordring knytt til det å skrive tekstar.

Foto: Ingeborg Kristvik

Snakk om språk

«Snakk om språk» er eit scenisk formidlingstilbod for ungdomstrinnet der dei norske dialektane og det norske skriftspråket er tema. Saman med elevane skapar utøvarane refleksjonar kring språk, dialekt og det å vere språkbrukar, og gjer elevane bevisste på at språkleg mangfald er ein ressurs! Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer.

Framsyninga er ikkje eit misjonsprosjekt som vil ha alle elevar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å dele kunnskap og skape undring og engasjement rundt det språklege mangfaldet vi lever i og språkval ein gjer. Elevane blir invitert inn i samtalen der dei kjem inn på eigne haldningar til språk og dialektbruk. Dei diskuterer språkhistorie, skriftspråksituasjonen, språkendringar, språk og makt og språkleg vane.

Bilete frå DKS-produksjonen Skit eller kanel.
Foto: Petra Helgesen, Nynorsk kultursentrum

Skit eller kanel

Skit eller kanel er ein produksjon for ungdomstrinnet der journalistikk, medieforståing og kjeldekritikk er tema. Målet er å dele kunnskap og skape bevisstgjering og engasjement rundt temaet.  

I vår digitale samtid, der kven som helst kan skrive kva som helst på internett, og falske nyheiter og informasjon bevisst blir planta og spreidd, er bevisstgjering rundt og kunnskap om kjeldekritikk viktigare enn nokon gong. Dette handlar ikkje berre om å vere kjeldekritisk til informasjon som er tilgjengeleg, men også om å forstå kva og når informasjon som blir halde att. Medieforståing og kunnskap om kjeldekritikk er ikkje minst viktig for å kunne delta i samfunnet og vere ein likeverdig deltakar i demokratiet.  

Gjennom foredrag og dialog med innslag av scener som speler seg ut, vil vi vise ungdommane konsekvensar av at feil eller misvisande informasjon blir spreidd, om maktspel og knep som kan liggje bak motivet for å feilinformere – men også at det finst gråsoner og ulike røyndomar. 

Manus er skrive i samarbeid med Anders Totland. Totland er ein produktiv forfattar som skriv skjønnlitteratur og sakprosa for barn og vaksne. Han har òg bakgrunn som journalist. Som forfattar går han inn i vanskelege og krevjande tema for ungdom. Totland er sjølv ein aktiv utøvarar i Den kulturelle skulesekken med forfattarbesøk og ulike framsyningar.