Erlend O. Nødtvedt sine skrivetips

Erlend O. Nødtvedt er poeten frå Fyllingsdalen, som kombinerer nye og gamle språkfomer. I 2018 blei han tildelt Olav H. Hauge-stipendet til unge diktarar. Her deler han sine skrivetips med deg.

Høyr på ei plate av Nils Økland og skriv udøyeleg poesi.

Helsing Erlend O. Nødtvedt

Skriv eit dikt med enderim basert på neologismer, det vil seie ord du finn på sjølv. Akkurat som Ragnar Hovland har gjort i diktet «Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt». Første strofe går slik: «Marama higo famas / sepungo dilma fei / lakama resolamas / e girgo savakei».

Helsing Erlend O. Nødtvedt

Kopier opp eit dikt eller ein annan tekst på eit ark. Bruk svart tusj og rabl over, men la utvalde ord eller setningar stå att. Ut av det svarte, eit heilt nytt dikt.

Helsing Erlend O. Nødtvedt

Dersom me kan skilja mellom lesaren og skrivaren i oss sjølve, handlar automatskrift om å koma seg vekk frå lesaren, lesaren som er opptatt av meining og samanheng. Når ein skriv automatskrift skal berre skrivaren få ord med i laget, skrivaren skal skriva så fort at lesaren vert overlista, den sjølvkritiske instansen skal ikkje rekka å henga med. Skriv kva som helst, berre skriv, fylg alle impulsar, berre skriv.

Helsing Erlend O. Nødtvedt

Oulipo, (Ouvroir de littérature potentielle), på norsk noko slikt som Verkstad for potensiell litteratur, er ei fransk litterær rørsle som sidan 60-talet har fokusert på å laga eigne reglar for skrivinga. Eit kjent døme er forfattaren Georges Perec som skreiv ein roman heilt utan bokstaven E. Tanken er at avgrensingane skal verka utfaldande på kreativiteten. Skriv ein tekst på 29 linjer der første linje startar på a, andre linje startar på b, osb.

Helsing Erlend O. Nødtvedt

Korleis ser eigentleg hat ut? Som svart glas? Kor vemmeleg luktar sjalusi? Som ein attgløymd, våt kjole i vaskemaskina? Ta for deg tre kjensler og beskriv korleis kjenslene ser ut (eit landskap, ein farge, ei geometrisk form?), høyrest ut som (eit dyrehyl, som musikk?) smakar som (korleis kjennest det å ha ein bit misunning i munnen?), luktar som (ein eim av resignasjon heng over rommet) og kjennest som (stikk fingrane ned i ei balje med sorg).

Helsing Erlend O. Nødtvedt