Gro Dahle sine skrivetips

Ei sprudlande livs- og skrivelyst pregar forfattarskapen til Gro Dahle. Denne skrivegleda brenn ho også for å formidle til andre, og Dahle har i mange år undervist i kreativ skriving. Her deler ho nokre av sine beste oppgåver med deg.

Forfattarar seier ofte: «Show, don’t tell». Dette handlar om å vere konkret, ikkje abstrakt og generell. Det handlar om å vise kjensla og tanken gjennom døme eller situasjonar. Forsøk å vise keisemda ved å skildre ho som ein person, og vel så ein stad eller situasjon som du plasserer denne personen i. Er det ein gut eller ei jente, gammal eller ung, tjukk eller tynn? Kva gjer denne personen? Kva seier denne personen?

Helsing
Gro Dahle

Eit dikt er ofte konkret og sanseleg, sjølv om det handlar om kjensler, stemningar og tankar. Du kan bruke dei fem sansane dine for å uttrykkje ei kjensle eller ein tanke. Til dømes sinne: Korleis ser sinne ut? Korleis luktar sinne? Korleis smakar det? Korleis høyrest det ut? Korleis er det å ta på? Er det hardt eller mjukt, varmt eller kaldt, turt eller vått, lyst eller mørkt? Er det stort eller lite? Kva er det laga av? Kan det samanliknast med ei maskin, eller ein bil, eller ein bygning? I tilfelle kva type?

Helsing
Gro Dahle

Å skildre menneske, kan gjerast med adjektiv eller malast ut eller visast med eit ord-bilete. Til dømes: Kva slags middagsrett er du? Kva slags frukt er du? Kva slags dyr eller fugl er du? Kva slags blom eller plante eller tre? Kva slags musikkinstrument eller lyd? Kva slags rom eller møbel eller stoff? Kva slags fisk, sjødyr, insekt eller krypdyr? Kva slags landskap og kva årstid og kva type vær er du? Eller mora di?

Helsing
Gro Dahle

Det kvardagslege, keisame og kjende er ofte eit godt utgangspunkt for eit dikt. Små detaljar kan vera lettare å skrive om enn store tankar og kjensler. Vel deg noko frå kvardagen din, til dømes tunga di. Eg veit ikkje om du har helst på tunga di i dag? Om du har smaka på ho, tenkt på ho, kjent på ho? Prøv det, beskriv tunga di. Og etterpå kan du prøva å skriva kva tunga di minner om, kva ho kan vera som, kva ho smakar som, kjennest som, kva får ho deg til å tenkje på.

Helsing
Gro Dahle

Tenk om ting kunne tenkje? Førestill deg at alt er levande, at alt kan tenkje og kjenne og håpar og grua seg, at alle ting du har sett har menneskelege kvalitetar, kvar gjenstand, kvart dyr, kvart tre, kvar stein. Kva ville treet, huset, veggane tenkt då, om dei kunne tenkje som eit menneske? Prøv å gje veggen ei stemme, prøv å skrive ut frå dette bordet, prøv å skrive tankane til taket? Vel ein ting eller eit dyr og skriv eit dikt om kva dyret eller tingen tenkjer.

Helsing
Gro Dahle

Eit dikt kan vera mange ting, det kan også vera eit spørsmål eller ei gåte. Spørsmål set i gang tankar. Så tenk ut mange rare spørsmål som du ikkje har svar på, som det kanskje ikkje finst svar på. Og prøv å svare på dei, kort og tullete eller langt og undrande, eller kanskje vakkert og poetisk, eller sint? Til dømes: Kven er den minste av dei aller minste? Eller: Når byrjar badekaret å gråte? La gåte-spørsmålet vera tittelen og la svaret vera diktet. Tenk ut sju spørsmål om regnet – og prøv å svara på eitt av dei.

Helsing
Gro Dahle

Mange startar ofte eit dikt med ein observasjon. Noko sett, noko høyrt. Eit utsegn, ein situasjon. Men det held sjeldan i seg sjølv, sjølv om det er godt sagt, bra skildra eller morosamt observert. Det er då det kan leggjast til ein dimensjon: noko som løftar eller ladar observasjonen med trykk og tyngde. Det kan vera ein psykologisk dimensjon (kjensler, relasjonar), ein filosofisk (liv, død, menneskeverd, identitet, viten, røynd, sanning), eller ein religiøs dimensjon (gud, tru, kyrkje, heilagdom). Då vert oppgåva slik: vel noko du ser i rommet, noko som blir sagt, gjort eller ein gjenstand, kanskje ein liten detalj. Beskriv dette presist og legg så inn ein dimensjon i ei linje til slutt.

Helsing
Gro Dahle