Bergen kommune er Årets nynorskbrukar 2021

Bilete av ordføraren i Bergen kommune Marte Mjøs Persen
Ordførar i Bergen kommune Marte Mjøs Persen. Foto Hans Jørgen Brun

Bergen kommune er kåra til Årets nynorskbrukar 2021. Kommunen får prisen for å opprette fast nynorskklasse på ein sentrumsskule i Bergen, uavhengig av søkjartal, frå skuleåret 2021–2022, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

Bystyret i Bergen vedtok i 2018 ein omfattande plan for å styrkje nynorsk i Bergen. Ved budsjettforliket for 2020 blei dette forsterka ved å opprette ei fast nynorskklasse i Bergen.

Språkleg mangfald og forståing har dei siste åra vore ei viktig sak for folkevalde i Bergen, og det er utruleg kjekt å få anerkjenning for dette arbeidet. Prisen Årets nynorskbrukar gir motivasjon til å halde fram det viktige språkpolitiske arbeidet både i skulen og alle delar av kommunen, seier ordførar Marte Mjøs Persen i Bergen kommune.

Prisen er på 100 000 kroner og eit diplom som blir delt ut i Ørsta på opningsdagen for Festspela 10. juni. Under Festspela blir det også samtale mellom Marte Mjøs Persen, ordførar i Bergen, Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum, og Gunnhild Skjold, avtroppande leiar i Norsk Målungdom.

Det er flott at Bergen kommune kjem med eit offensivt tiltak for å styrkje nynorsken. Dette er noko vi legg merke til, seier administrasjonssjef Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum har kåra Årets nynorskbrukar sidan år 2000. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.