Hopp til hovudinnhald

Biroller – Birolla i hovudrolla

Her viser vi fram norsk litteratur og journalistikk der hovudpersonane er homofile, bifile eller transpersonar.

  • Del av utstillinga. Duk med fargerike illustrasjonar, oransje biletkikkertar og ein bunke hefte.
    1/1
    Frå utstillinga Nynorsk kultursentrum

Forteljingane vi høyrer formar korleis vi ser verda. Forteljingane vi fortel oss sjølve formar identiteten og sjølvmedvitet vårt; dei formar også samfunnets identitet og vilkår for vidare utvikling. Det er ikkje alle forteljingar som er like gode, og det er ikkje alle forteljingar som er like relevante for alle, men dei har alle verdi i seg sjølve. Det er eit sjølvforsterkande demokratisk problem når gode og relevante forteljarar og forteljingar blir skjulte som resultat av sosiale stigma eller tabu.

Dette formidlings- og dokumentasjonsprosjektet har blitt til gjennom eit samarbeid mellom fleire fagfolk i og utanfor Vinjesenteret for dikting og journalistikk.

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Utstillinga består av ein stor voksduk på 1,5 meter i diameter, fem biletkikkertar med originale illustrasjonar av teikneseriekunstnaren Sigbjørn Lilleeng og ein katalog på 16 sider om litteratur og journalistikk der homofile, bifile og transpersonar har hovudrolla.

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Kurator:
Per Magnus Finnanger Sandsmark, Siri Beate Gjerde og Kristian W. Rantala

Samarbeidspartnarar:
Sigbjørn Lilleeng (Illustratør og formgjevar)

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2