Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad
Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad

Byr på Jon Fosse-dikt og Linda Eide-talkshow

Her på den nye nettsida vår publiserer no kunstnarar som Jon Fosse, Jens K. Styve, Hilde Myklebust, Linda Eide og Marit Eikemo nytt kunstnarisk innhald som passar til tida vi er i, under overskrifta «Aleine saman».

– No er mange aleine, men vi er det saman. Kanskje får kunsten og artiklane på desse sidene ny meining i ei underleg tid for publikum? spør direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. Stiftinga, som mellom anna driv Allkunne, Hauge-senteret, Vinje-senteret og Aasen-tunet, tok allereie 13. mars initiativ til å produsere ny kunst og kunnskap om koronatida.

Her på nynorsk.no ligg no fleire bidrag ute og fleire skal det bli. Kulturinstitusjonar skal sørgje for at ytringsfridomen, inkludert den frie offentlege samtalen og tilgangen på kunstnarlege uttrykk, blir oppretthalde også under kriser. – Medan utstillingane våre er låste og arrangementa avlyste, blømer kulturmøta på internett. Vi har også som oppgåve å dokumentere samtida. No gjer me det gjennom å la kunstnarar, journalistar og vitskapsfolk kome til orde om ulike sider ved koronakrisa, seier Sandsmark.

Tunkatten Lurivar, som leiker med ord og litteratur for barnehage- og småskulebarn, har også fått fleire forfattarar til å lage nytt innhald. Desse ligg på nettstaden hans.

Blant dei nye bidraga er eit dikt av den prisløna forfattaren Jon Fosse som aldri tidlegare er publisert og eit talkshow leia av Linda Eide og Marit Eikemo med premiere førstkomande fredag. Alt innhaldet finn de på nynorsk.no, YouTube-kanalen til Nynorsk kultursentrum og på sidene til Allkunne, Aasen-tunet, Vinje-senteret og Hauge-senteret i sosiale medium.

I løpet av 25., 26. og 27. mars kjem desse ut med unikt innhald på sida vår nynorsk.no:

Fram mot månadsskiftet kjem fleire nye bidrag.

Share on facebook
Del på Facebook
Share on twitter
Del på Twitter

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre