Daniel Kvammen møter Fredrik Høyer

Bilete av Daniel Kvammen og Fredrik Høyer.
Songpoeten Daniel Kvammen, møter den poeten Fredrik Høyer til ein samtale om å skrive, og å leve av og med songar og dikt. Foto: Simen Skreddernes og Ole Kristiansen.

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? I slutten av september vert det ein ny runde i programserien Lytt til lyrikken. Songpoeten Daniel Kvammen, møter den poeten Fredrik Høyer til ein samtale om å skrive, og å leve av og med songar og dikt.  

– Ved Hauge-senteret arbeider vi med både skriftlyrikk og songlyrikk. Med Lytt til lyrikken inviterer vi til nye, og litt uventa kunstnarmøte, mellom musikarar og diktarar, fortel Geir S. Netland, arenaleiar ved Hauge-senteret.

Daniel Kvammen og Fredrik Høyer har begge gjort suksess på sine felt. Kvammen gjorde  så og seie suksess over natta med låta «Du fortenar ein som meg», og har etablert seg som ein solid låtskrivar med brei appell. Fredrik Høyer er poet, forfattar, og skodespelar, kjend for sine sterke litterære og musikalske framsyningar, med tydeleg inspirasjon frå rap, hip hop og jazzlyrikk.

– Det blir sjølvsagt også høve til å spisse øyra og lytte til lyrikken, som tittelen lovar. Dei to på scena vil dele både song og dikt med publikum, seier programansvarleg ved Hauge-senteret, Guro Ljone.       

Det var rein beundring som gjorde at Daniel Kvammen valde seg Fredrik Høyer. – Fredrik er min absolutte favoritt av samtidige tekstforfattarar. Han er evig kreativ og det finst alltid eit stort kjensleliv i alt han skriv, seier Kvammen.

Lytt til lyrikken skal turnere på Vestlandet i av slutten september, og er ein del av den nasjonale satsinga til Nynorsk kultursentrum, som Olav H. Hauge-senteret er ein del av. Første stoppestad er Litteraturhuset i Odda 27. september, og etter det skal dei vidare til Homatun i Øystese 28. september, Førde 29. september, og til slutt Ørsta 30. september.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre