Det lyser i stille grender,
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar,
som barn i ein vesal stall.
Der låg han med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
med’ englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.
Tekst: Jakob Sande, sommaren 1931, i Jul i Sunnfjord 1931
Melodi: Lars Søraas d.y. i Songboka for heim og skule, 1948
Kjelde: Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987