- 1/1
Sekretær i Nynorsk forum Olav Øyehaug Opsvik. Nynorsk kultursentrum
– Endeleg har vi fått klåre gjennomslag for for prioriteringane til Nynorsk forum! Der var endå fleire tiltak i dei alternative budsjetta frå SV, Sp, MDG og Rødt, men samanlikna med dei fire føregåande åra, der nynorsktiltaka nærast aldri blei prioriterte i forhandlingane, er dette ei svært positiv utvikling, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær i Nynorsk forum.
Mållagsmillionen har vore øvst på prioriteringslista til Nynorsk forum i fleire år. Noregs Mållag gjer ein avgjerande jobb for nynorsk språk og har opplevd sterk medlemsvekst i seinare år.
– Det er heilt på sin plass at mållaget endeleg får den auken dei fortener, seier sekretær Øyehaug Opsvik, som samstundes gler seg over auke til nynorskteatera i Vestland fylke. – Teatera har hatt krevjande år etter pandemien og denne auken er viktig for nynorsk scenespråk, seier han.
Nynorsk forum har mange fleire viktige nynorsktiltak dei vil ha inn på statsbudsjettet, som samarbeidstiltak mot språkskifte i randsonene og å tette gapet mellom Nationaltheatret og Det Norske Teatret. – Arbeidet med innspela til 2027-budsjettet er for lengst i gang, seier Øyehaug Opsvik. – Med desse gjennomslaga i 2026-budsjettet har vi tru på at dei raudgrøne partia vil hjelpe oss å styrke nynorsk i budsjettforhandlingane som kjem! avsluttar han.