– Dette er eit møtepunkt mellom dei to viktigaste tinga i livet mitt. Det er litt som ein draum

Bilete av Juan Gutiérrez-Maupomé.
Juan Gutiérrez-Maupomé gler seg stort over å ha fått draumejobben ved Vinje-senteret. Foto: Line Omland Eilevstjønn / Nynorsk kultursentrum.

Med eit femte tilskot på plass i staben går Vinje-senteret eit hektisk år i møte. No jobbar dei for fullt med å fylle museet som Nynorsk kultursentrum opnar neste haust.

Og plutseleg var dei fem
Denne månaden flyttar dei tilsette inn i kontora sine på Vinje-senteret for dikting og journalistikk. Det oppdaterte bygget som snirklar seg gjennom romma til gamle Vinje skule, er så godt som ferdigstilt, og arbeidet med innhaldet museet skal huse, er i gang. Neste haust opnar utstillinga som tek føre seg fakta og fantasi i diktinga og journalistikken.

Fram til no har det vore fire tilsette ved museet. No har det kome ytterlegare støtte frå Kulturrådet, slik at museet også kan tilsette Juan Gutiérrez-Maupomé. Den Vesaas-interesserte omsetjaren frå Mexico har vigd heile livet sitt til museum og litteratur, og han glir difor rett inn i aspirantstillinga, der han skal arbeide med å utforme innhaldet i utstillinga.

– Dette er eit møtepunkt mellom dei to viktigaste tinga i livet mitt. Det er litt som ein draum, seier Gutiérrez-Maupomé.

Ei morosam utfordring
I heile 25 år arbeidde han med å designe og utvikle museum i heimlandet. Det siste museet på oppdragslista hans var Museo Nacional de Arte (Nasjonalkunstmuseet) i Mexico by. Arbeidet med utstillinga på Vinje-senteret opnar eit nytt kapittel i museumsarbeidet for Gutiérrez-Maupomé.

– Vanlegvis er museum objektbasert, men her skal det handle om litteratur og journalistikk. Det blir ei morosam utfordring.

Det språklege mangfaldet i forfattarskapane utstillinga skal femne om, får andletet hans til å lyse opp.

– Det er veldig interessant at Vinje-senteret er eit nasjonalt museum med nynorsk som fokus. Det er store forfattarskapar me har med å gjere her. Det er heilt perfekt, seier Gutiérrez-Maupomé. 

– Her kjem han særs godt med
Dagleg leiar Kristian W. Rantala ved Vinje-senteret er veldig glad for støtta frå Kulturrådet, og for det nyaste tilskotet til staben.

– Eg er veldig glad for at me har fått Juan med på laget, og for at Kulturrådet med denne tildelinga viser at dei har trua på det me driv med.

Bakgrunnen til Gutiérrez-Maupomé gjer Rantala sikker på at meksikanaren vil vera med og løfte utstillinga.

– Juan har masse erfaring både med utstillingsproduksjon og med litteraturen me arbeider med, så her kjem han særs godt med.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre