Digitale festspel 2020

Digital målbar B.R.U.S del 1 med Arild Torvund Olsen

Jau! Jau! Jau! – dei fem beste Beatles-tolkingane på nynorsk

Beatles og nynorsk, korleis fungerer dei saman? Er det som sjokoladepudding og makrell i tomat, altso godt kvar for seg, men mindre heldig i lag? Eller er det som jordbær og fløyte – ein perfekt kombinasjon? Me får sjå, når eg no plukkar fram fem nynorske Beatles-tolkingar frå platesamlinga mi.

Illustrasjonsbilete til Nynorsk Beatles
Nynorsk Beatles.

Tony & The Swing Blues: «Ho elskar deg»

Me går kronologisk til verks og byrjar med den eldste nynorske innspelinga av ein Beatles-låt. Rogalandsgruppa The Swing Blues dreiv i utgangspunktet berre med engelskspråkleg pop (singelen «Madman» er forresten høgst tilrådd), men midt på sekstitalet gjorde dei eit opptak for radio der dei tolka «She Loves You» på nynorsk. Meiningane var nok delte i spørsmålet om det var teit eller genialt å omsetja ikoniske «Yeah! Yeah! Yeah» til «Jau! Jau! Jau!» – eg hallar mot sistnemnde – men ingen kan hevda anna enn at det er ei energisk og drivande god innspeling. Likevel måtte folk venta heilt til 1980 og utgjevinga av samleplata Bergen Beat og annen vestlandsrock før innspelinga var å få på plate.

Ivar Medaas: «Norsk material»

Nestemann ut med Beatles på nynorsk var Ivar Medaas. Men der Tony & The Swing Blues tolka den tidlege beat-utgåva av Beatles, tok Medaas føre seg den seinare, litt meir musikalsk eventyrlystne utgåva av Liverpool-kvartetten. Beatles-singelen til Medaas kom i 1968 og hadde to Beatles-songar gjendikta til nynorsk av Johannes Gjerdåker. Teksten til «Når eg er 67» (When I’m Sixty-Four) er nok, når sant skal seiast, ei langt betre attdikting, men av di nett den McCartney-komposisjonen går meg litt på nervane, vel eg heller å dra fram b-sida «Norsk material» (Norwegian Wood). Over eit flott komp som yter originalen rettferd (er det verkeleg ein sitar dei har fått tak i, eller nyttar dei ein gitar til å etterlikna instrumentet?), syng Medaas på stødig, særprega vis og gjer songen til sin eigen. So får det heller vera at teksten, der lukta frå sagbruket utløyser draumar om å slå seg ned og byggja eit tømmerhus, ligg eit godt stykke unna den meir utsvevande originalteksten til Lennon.

plateomslaget til "Ivar Medaas synger Beatles"
Omslaget til singelen "Ivar Medaas synger Beatles" frå 1968.

Hege Tunaal: «Nett i går»

Kor ofte har du ikkje høyrt «Yesterday» og tenkt at det låten manglar, er munnharpe og hardingfele? Vel, då er denne tolkinga, signert visesongaren Hege Tunaal, nett det du treng. Innspelinga finn du på plata Olje, brød og vin frå 1972, ei utgjeving som òg mellom anna inneheld ei særs flott tolking av Hartvig Kiran si «I Lovers» Lane». Om det var arrangør Frode Thingnæs som fann på å kopla Beatles og norsk folkemusikk, seier soga ingenting om, men eit unikt resultat vart det i alle fall.

Plateomslaget til "Olje, brød og vin"
Plateomslaget til "Olje, brød og vin" av Hege Tunaal frå 1972.

Randi Bjørnstad Sivertsen: «For ingen»

«For No One» er opphavleg ei smålåten perle frå Beatles-plata Revolver. I 1980 vart ei nynorsk tolking, omsett av radiomannen Dagfinn Malt, nytta som tittelspor på soloplata «For ingen» til Randi Bjørnstad Sivertsen. Og jamvel om Sivertsen er best kjend frå den irsk-inspirerte musikken ho dreiv med i gruppa Bergeners, so er det heilt andre tonar ho presenterer her. Songen har fått ei tidsrett innpakning både i arrangement og lydbilete, og det heile kan best skildrast som smektande vestkystpop med litt småsleiske bassgangar. Men det fungerer overraskande bra, kan henda av di melodien og vokalen er jordnære nok til å balansera ut dei verste åttitals-tendensane?

Plateomslaget til plata "For alle"
Plateomslaget til "For alle" av Randi Bjørnstad Sivertsen frå 1980.

Oddvar Torsheim: «Nynorskens skog»

Røysta til Randi Bjørnstad Sivertsen er altso jordnær og smektande. Dei adjektiva er det truleg ingen som har nytta om songprestasjonane til sistemann ut i denne gjennomgangen. Oddvar Torsheim kaukar og vrengjer seg gjennom kvar tone som om det skulle vera det siste han gjorde, og du kan ikkje anna enn å lata deg riva med. Heilt fantastisk, rett og slett. Men Michael Jackson hadde tydelegvis ikkje sansen. For då Oddvar Torsheim i 1992 skulle spela inn ei plate med Beatles-tolkingane sine, sette Jackson foten ned. Og på den tida var det Jackson som eigde rettane til Beatles-katalogen. Løysinga vart difor at Torsheim fekk ymse komponistar til å skriva nye melodiar til dei mildt sagt frie Beatles-attdiktingane han hadde laga. Tittellåten på plata, med melodi av Benny Borg, deler dermed korkje tekstinnhald eller melodi med Beatles-songen han byggjer på. Likevel er det aldri tvil om at det er snakk om ei tolking av «Norwegian Wood».

Beatles på nynorsk kan med andre ord vera mykje ulikt, og treng ikkje eingong å likna på originalen. So dersom me skal konkludera: Korleis fungerer kombinasjonen av nynorsk og Beatles? Som makrell og sjokoladepudding? Nei, nynorsk Beatles er langt meir velsmakande enn dét. Som jordbær og fløyte? Nja, meir som … raudbrus, kaviar og litt sumaragurk:

Bilete av Arild Torvund Olsen
Arild Torvund Olsen. Foto: Tone Solhaug / Nynorsksenteret

Arild Torvund Olsen har i fleire år tatt med seg konseptet «Berre rock utan sidemål» (B.R.U.S.) til Dei nynorske festspela. I denne digitale varianten løftar han fram høgdepunkt frå den nynorske platesoga i form av Beatles-gjendiktingar.