Digitale festspel 2020

Festspelkviss

Konkurransen er avslutta, men det er framleis mogleg å ta kvissen utan å sende inn svar.

Illustrasjon digital festspelkviss

Tradisjonen tru er det kviss med Allkunne under Dei nynorske festspela. I år er kvissen digital og open over fleire dagar, frå fredag 5. juni kl. 16.00 til søndag 14. juni kl. 22.00. 

Litteratur, språk, politikk og musikk er blant emna i kvissen. For nokre av spørsmåla hjelper det å kjenne til årets festspeldiktarar.

Førstepremien er eit gåvekort på kroner 500 som kan nyttast i Aasen-tunet eller i nettbutikken Handlenett.no. Andre- og tredjepremie er eit festspelkrus. Dersom fleire får likt resultat, blir det loddtrekning. 

Kvissmeister er Stina Aasen Lødemel, redaktør i det nynorske nettleksikonet Allkunne.

Klikk deg inn på kvissen og bli med!

Kvisskonkurransen med Allkunne i samband med Festspela er avslutta. Fleire fekk full pott på kvissen, og vi har no trekt ut tre vinnarar blant desse.

Førstepremien går til Rune Aasen, som har vunne eit gåvekort på kr 500 som kan nyttast i Aasen-tunet eller i nettbutikken Handlenett.no. Delt andreplass går til Øystein Spjelkavik og Guro Redalen, som får kvart sitt festspelkrus.

Vi gratulerer vinnarane og takkar alle som har delteke!  

Konkurransen er avslutta, men det er framleis mogleg å ta kvissen utan å sende inn svar.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email