Digitale festspel 2020

Digital målbar B.R.U.S del 2

Platesamlaren Arild Torvund Olsen har i fleire år hatt ein fast programpost på Dei nynorske festspela saman med Olav Hove, B.R.U.S. – Berre Rock Utan Sidemål. I år får vi ein kortversjon i digital form.  

Torvund Olsen samlar på mangt, men kanskje særleg på vinylplater med nynorske songtekstar. Difor veit han meir om nynorske plateinnspelingar enn dei fleste andre. Og Ivar Medaas er alltid med.  

Bilete av Arild Torvund Olsen
Arild Torvund Olsen. Foto: Nynorsksenteret

Arild Torvund Olsen har i fleire år tatt med seg konseptet «Berre rock utan sidemål» (B.R.U.S.) til Dei nynorske festspela. I denne digitale varianten løftar han fram høgdepunkt frå den nynorske platesoga i form av Beatles-gjendiktingar.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email