Som ein bonus til Digitale festspel 2020 kjem årets festspelrett. Det er tradisjon at festspeldiktarar får velje ut ein rett som blir servert under Dei nynorske festspela. I år får vi heller kike inn på kjøkenet til festspeldiktar Odd Nordstoga, der han diskar opp med sin eigen favoritt: Lasagne!
Det er ein grundig innstruks i videoen, men du kan også lese oppskrifta til Odd her:
ODD SIN FAVORITTLASAGNE
OSTESAUS
Ca. 100 g smør
Ca 1 dl mjøl
Mjølk til passe susekonsistens
Ost til du kjenner smaken
Smak til med salt
TOMATSAUS
1 stk lauk, 4-5 fedd kvitlauk, finhakka
2 ss tomatpure
2 stk boksar med hakka tomat
1 pk kjøtdeig (400 g)
Salt, pepar, basilikum eller oregano
Serverast med salat og rundstykke
God middag!
Odd Nordstoga
Odd Nordstoga, artist, komponist og tekstforfattar som syng på nynorsk og dialekt. Med Kveldssong (for deg og meg) vart han populær hos dei lyttande massane, og han har sidan vore ein folkekjær artist. Nordstoga er festspeldiktar saman med Stein Versto i 2020