Digitale festspel 2020

Festspelpodden: Det kvite kortet

Digitale festspel 2020 presenterer denne samtalen med Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen, som har gjendikta to verk av den amerikanske forfattaren Claudia Rankine: Medborgar og Det kvite kortet. Samtalen er leia av Anna Kleiva.

Dette opptaket blei spelt inn fredag 29. mai, berre nokre dagar etter at George Floyd blei drepen av politibetjentar i USA, og folk tok til gatene for å demonstrere mot rasisme og politivald. Sidan den fredagen har situasjonen i USA blitt endå meir tilspissa, med demonstrasjonar i alle statar og utstrakt bruk av vald frå styresmaktene. Såleis har denne samtalen blitt endå meir aktuell enn vi først trudde, i og med at diktinga til Claudia Rankine nettopp handlar om spørsmål om rasisme, klasse og meir. I samtalen blir det snakka både om Rankine sine perspektiv og erfaringane og perspektiva til Lundestad Joof og Leganger Iversen, som har gjendikta bøkene hennar. Saman med Kleiva les dei også nokre utvalde passasjer frå Det kvite kortet.

Bilete av Camara Lundestad Joof
Camara Lundestad Joof. Foto: Samlaget

Camara Lundestad Joof (f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar og dramatikar. Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, dekolonialisme og normkritikk. Ho er med og leiar Den Mangfaldige Scenen, og har spela over to hundre framsyningar i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloforestillinga Pavlovs tispe. I tillegg til gjendiktingane av Claudia Rankine, står Joof bak boka Eg snakkar om det heile tida, utgitt på Samlaget.

 

Bilete av Kristina Leganger Iversen
Forfatter Kristina Leganger Iversen. Foto: John Trygve Tollefsen / Samlaget

Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er litteraturvitar, forfattar og omsetjar som skriv skjønnlitteratur i grenselandet mellom prosa og lyrikk. I tillegg til gjendiktingane av Claudia Rankine, har Iversen skrive boka Bli mor no? (2019) og romanane Hjartemekanikk (2011) og Ringane (2015).

Les meir på:

Anna Kleiva. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar, og har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme. I samband med Digitale festspel 2020 vil ho leie samtalen i to podkastar.

 

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre