Digitale festspel 2020

Festspelpodden: Ny norsk krim

Er krim best på nynorsk? Eller er det nynorsken som treng krimbøkene? Og har krimsjangeren for låg status?

I samband med Digitale festspela 2020 presenterer vi denne samtalen med krimforfattarane Ruth Lillegraven og Randi Fuglehaug. Her møter dei Maria Horvei, journalist og redaktør i Vinduet, for å snakke om krimromanane Alt er mitt (Lillegraven 2018) og Fallesjuke (Fuglehaug 2020).

Foto av Randi Fuglehaug, Maria Horvei og Ruth Lillegraven.
Ruth Lillegraven, Maria Horvei og, Randi Fuglehaug frå innspelinga av podkasten. Foto Randi Fuglehaug
Ruth Lillegraven. Foto Ann Sissel Holthe

Ruth Lillegraven (f. 1978) er ein forfattar som skriv episk og forteljande, både i dikt- og romanform. Lillegraven var festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2016. Alt er mitt er den første krimboka hennar.

 

Les meir på:

Foto av Randi Fuglehaug.
Randi Fuglehaug. Foto: Foto Sturlasson / Kagge Forlag

Randi Fuglehaug (f. 1980) er journalist og forfattar Ho skriv både sakprosa og skjønnlitteratur for barn og vaksne. Fallesjuke er det første krimboka hennar.

Foto av Maria Horvei.
Maria Horvei. Pressefoto

Maria Horvei (f. 1988) er journalist og redaktør i det litterære tidsskriftet Vinduet.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre