Digitale festspel 2020

Ivar Aasen-minneforedrag 2020

Har vi mista att det Aasen fann?

Det spørsmålet er utgangspunktet for årets minneforedrag, som blir halde av professor emeritus Helge Sandøy. Du kan sjå foredraget i videoen og laste ned manuskriptet som PDF-fil.

Sandøy er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, og arbeidet til Ivar Aasen har vore sentralt i det akademiske virket hans. Aasen er kjend for å ha «oppdaga» dei norske dialektane. Held vi no på å miste det han fann?

Alle har høyrt utsegner om at «ungdommen her snakkar ikkje dialekt lenger». I kontrast til dette ser vi sjeldan oppslag med titlar som til dømes «Her lever og blomstrar dialekten». Når denne bodskapen blir gjenteken så ofte, set han djupe spor i hjerneborken vår. I det offentlege ordskiftet kan det sjå ut som om det negative perspektivet på dialektane er det einaste.

I arbeidet sitt har Sandøy prøvd å finne ut kva som er realiteten. På eine sida kjem han med ei litt anna historie enn det den store samfunnssamtalen vanlegvis formidlar. På hi sida presenterer han eit språksosiologisk perspektiv på kvifor den store samfunnssamtalen (diskursen) er slik han er.

Foredraget er filma i Noterommet ved Bergen offentlege bibliotek av Jørn Lavoll frå Draum Studio, som også har stått for redigeringa. Nynorsk kultursentrum takkar for samarbeidet.

Bilde av Helge Sandøy.
Helge Sandøy

Helge Sandøy, professor emeritus i nordisk språkvitskap, ekspert på språkutvikling i Noreg og Norden, har lagt premissar for normering av utanlandske ord i norsk og av nynorsk skriftspråk – som han meiner bør vere talemålsnært og prega av valfridom.

Les meir på: