Digitale festspel 2020

Med ord og tonar hjelper Odd Nordstoga oss å finne det store i det små, skriv journalist og forfattar Kjartan Brügger Bjånesøy. 

Odd nok

Uansett kor eg er i livet, set Odd Nordstoga ord på det. 

Det er eit ljos der ute, som du ser frå der du bur
Når du er redd og er aleine, då er det ikkje slik du trur

«Bestevenn», frå albumet Bestevenn
 

Alle burde ha ein bestevenn. Eg har ein trønder, og vi har det med å bli sitjande oppe litt for lenge, om det så er ei kald januarnatt i byen eller sommarlyst ved fjorden. Når alle dei andre er gått, skrur vi musikken opp eit knepp utan at vi eigentleg legg merke til det, og skålar taust for gamalt vennskap med eit felles ønskje om å setje livet på pause. På denne tida av døgnet er vi nok ikkje alltid like sjarmerande eller rause, der vi i vårt nattlege overmot gjerne forbannar alt det middelmåtige, medan vi sjølv strever med å snakke reint. Men ikkje lenge etter, omtrent når flaskene er i ferd med å bli tømde, er det som om noko snur. Då leiter trønderen fram ein spesiell song, alltid den same songen. Deretter lener han seg andektig tilbake i stolen, lukkabegge augog seier «hør, hør». 
 

Han kunne valt seg ut ein klassikar frå DumDum Boys, Terje Tysland, Åge Aleksandersen, eller endå meir overraskande: fetteren Frank Aleksandersen (han som kunne spele trommer og syngje samstundes). Men nei, han vel seg alltid Odd Nordstoga og «Kvile og fred». Desse nettene blir aldri avslutta før vi skal gjennom denne stunda, idet melankolien og morgondagen er i ferd med å få overtaket. Så der sit vi, ein trønder og ein vestlending, og høyrer på ein telemarking. Alle tre er vi utflyttarar til Oslo, alle er midt i livet.
  

Eg er ein gjest, ein framand
ein heimlaus er eg
Her er ingen eg kjenner
Her er ingen som meg
Eg er einsam, så einsam
så dum i mitt spjeld 
Der eg står som ein stut 
ifrå morgon til kveld 
Men det er mange som meg 
som ikkje finn heim.  
 

«Kvile og fred», frå albumet Kløyvd 
     

Odd Nordstoga viste seg tidleg som ein framifrå komponist og musikar, og stadig blir eg meir glad i diktaren. At han skulle tonesetje mykje av livet mitt, hadde eg ikkje trudd den fyrste gongen eg høyrde han, på Vossa Jazz i 1997. Eg var fersk musikkmeldar i Bergens Tidende, han var frontfigur i  bandet Something Odd.  Dommen min var sånn passe, eg ser det no: «Låtmaterialet er ennå noe ujevnt […] men på det beste er det både fengende og morsomt. Og når Postgirobygget, Trang Fødsel og flere andre kan, så kan sikkert også Something Odd få et snev av Norgesberømmelse en gang i fremtiden». 
 

Den gongen blei eg ikkje fanga inn av tekstar om Ronald, han som ikkje var «voldsomt flink på skulen, men han greidde seg likevel. Mor hass var faren ho, og far hass hadde frose i hel» («Ronald», frå albumet Something Odd)
  

No kjenner eg meg stadig oftare igjen i orda til Odd NordstogaI ny og ne blir han kalla ein  nostalgikar, og det er ikkje alltid ein staseleg merkelapp å få klistra påMen nostalgi kan òvere noko bra, som å vere glad ei tid, ein stad, og då gjerne staden som blir kalla heime. Odd får meg ofte til tenke tilbake, til å lengte etter noko eg ikkje alltid klarer å setje ord på. Som når eg kvar sommar stablar familien inn i ein eldre Mazda for å køyre heim, over fjell, gjennom tunnelar, bruer og ei ferje på tampen. Alltid må eg innom Odd som syng: 

 

Eg er stor, eg er stor 
Men ikkje så stor 
Eg lengtar heim te mor 
 

«Heim te mor», frå albumet Heim te mor 
 

Då far min fekk slag ein sommar for nokre år sidan, blei eg med på sjukehuset. Han blei lagt i respirator, og vi visste ikkje om han kom til å overleve. På mobilen den kvelden kunne kona fortelle at dottera vår på fem år sat i sofaen og såg på filmen vi laga då far min fylte 70 år, sjølvsagt til musikk av Odd. Dottera mi song med: 

Ein farfar i livet skull’ alle ha 
Ein goffa å springe ned til 
som alltid har lyst på ein kaffikopp 
og til å kaste bort tid på ein liten kropp  
 

«Ein farfar i livet», frå albumet Bestevenn 
 

Så enkelt kan det seiast, men lett er det ikkje. Det er nettopp dette som skil Odd frå så mange andre artistar – han ser det store i det små. «Er det vi som har laget den, pappa?» spurde sonen min fyrste gongen han høyrde «Ein farfar i livet» på radio. Vi er mange som tenkte at denne songskatten var skriven akkurat til oss. 

Med åra står det meir på spel i tekstane til Odd; det ordnar seg ikkje berre med ein farfar, bestevenn, eller ein tur heim til morKanskje er det sånn å vere midt i livet; å kjenne på alle desse ulike rollene som dreg oss i ulike retningar? Odd er ambivalent til by og land, til å stå i spagaten mellom kunsten og kommersen. Alle styrer vi på med vårtmen alt vi lengtar etter, er ei ro, å lande ein stad. Livet er ein kamp, vi trur på både folk og natur, men innanfor vår inste grind er kvar av oss einsam. Som i den nydelege «Hemmeleghet», om paret som sit restaurant. Dei har betalt og skal til å gå, men ho spør om alt er bra? Kva er det? Er han trist? «Nei, nei», svarar han.   

Men tenker at du skulle visst
Om ein kald vind 
Ein kald, kald vind 
Noko eg må bera på 
som du ikkje treng å sjå 
Men har ikkje alle ein slik liten vind 
Eller eit skår som ein tek med seg når ein går 
 

«Hemmeleghet», frå albumet Dette landet 
  

Odd Nordstoga har dei siste åra dikta vakkert om kunsten å gå, om vandring og endring. Naturen, med sine kalde vatn og høge fjell, er blitt ein metafor på det reine og enkle. Men han vender stadig tilbake til det vi mange er mest opptatt avTil kjærleiken.  

Han har tidlegare uttalt at han ikkje tenker på seg sjølv som smartare eller meir intellektuell enn andre, så om han prøver å finne noko sant i seg sjølv, er det kanskje sant for andre òg? Det har han rett i, ikkje minst i kjærleikssongen «Dagane». Den handlar om kvardagen som angrip alle forhold og på eit tidspunkt kan overskygge kjenslene som ein gong brann så sterkt.  Men det er eit håp i songen: Når det røyner på må, du hente fram gløden og krafta du hadde som nyforelska. 
  

Ein gong kom kjærleiken heilt av seg sjølv,
og kvar dag den var av sølv. 
For du gylte kvar ein augneblink med hugen fri, 
og blenda var eg med på reisa di 
Dagar som sand ut av hendene renn. 
Om du tvilar, ja, så kjenn. 
Den eine som den andre ut i vinden fer, 
og tida som me har den reiser der. 
Lov meg å vera hjå meg all din dag. 
Ja, det lova me i lag.  
 

«Dagane», frå albumet Heim te mor 
 

Odd trur på det gode, og det sterkaste av alt er som kjent kjærleiken. I «Song om fred» skriv han om småbarnsmora som ikkje ser vondskapen, men tenner eit lys for det gode, som breier dynene over dei små og vekker dei opp med å smile«Eg trur ikkje ho er med i kampen mot det vonde som rår her i verden. Men likevel er ho den beste bot og våpen mot heile den svermen av mørke og ufred og fiendskap.» 

I mai 2020 kom songen «Fatig ferdamann». Her er det meir tvil enn tru, men stadig håp om at det gode i menneske alltid veg tyngst.  
 

Kan du tru på ei styrande hand 
som leier deg over og set deg i land 
til himmelske hagar og englesong – 
trur du det du, at det hender ein gong? 
Vel, eg trur på lauvet, på gras og på blom, 
som tøyer seg ut mot det store rom, 
og alltid vil snu seg dit sola står  
 

«Fatig ferdamann» 
 

sommarferien skal eg vere saman med trønderen nokre dagarvi kjem nok ikkje til å sove bort nettene i år heller. Og på eit tidspunkt kjem han til å leite seg fram til den songen, alltid den same songen. Han kjem til å lene seg tilbake, lukke auga og seie «hør, hør». 
 

På veg heim skal eg igjen tenke at livet ikkje er så verst – for Odd Nordstoga hjelper til med å finne det store i det små  og slå meg til ro med det.  
  

Eg kjem frå i bygd 
under fjellet i nord 
Der ligg mine røter 
der ligg dei i jord 
Dit reiser eg stundom 
Og hjarta brest 
når eg meiner meg heime 
men går som ein gjest 
Men det er mange som meg 
som driv langs eit liv 
og prøvar å finne ein stad 
og seia: «Her er det 
Her var det det var» 
Men det blei ikkje det 
Nei, alt du kan be om 
er kvile og fred  
 

«Kvile og fred», frå albumet Kløyvd 

 

 

Kjartan Brügger Bjånesøy, foto: Agnete Brun

Kjartan Brügger Bjånesøy er journalist og forfattar. Bjånesøy er oppvaksen i Austevoll og bur i dag i Oslo. Han har skrive bøkene Raymond Kvisvik (2009), Komlelandet (2013) og Kjære pappa (2019).