Digitale festspel 2020

Podkast: Festspeldiktar Odd Nordstoga

På tampen av det digitale festspel-året kjem endeleg intervjuet med festspeldiktar Odd Nordstoga! Nordstoga møtte journalist og forfattar Kjartan Brügger Bjånesøy i Nitro studio i Oslo, den 5. oktober. I denne samtalen får du høyre forteljingar frå Nordstoga si karriere og refleksjonar rundt hans virke som diktar.

Du kan lytte til samtalen her og i alle andre program der du kan finne podkastar.

Bilete av Odd Nordstoga og Kjartan Brügger Bjånesøy
Odd Nordstoga og Kjartan Brügger Bjånesøy, foto: Nynorsk kultursentrum
Odd Nordstoga

Odd Nordstoga, artist, komponist og tekstforfattar som syng på nynorsk og dialekt. Med Kveldssong (for deg og meg) vart han populær hos dei lyttande massane, og han har sidan vore ein folkekjær artist. Nordstoga er festspeldiktar saman med Stein Versto i 2020

Les meir på:

Kjartan Brügger Bjånesøy, foto: Agnete Brun

Kjartan Brügger Bjånesøy er journalist og forfattar. Bjånesøy er oppvaksen i Austevoll og bur i dag i Oslo. Han har skrive bøkene Raymond Kvisvik (2009), Komlelandet (2013) og Kjære pappa (2019). 

Share on facebook
Share on twitter
Share on email