Digitale festspel 2020

Podkast: Festspeldiktar Stein Versto

I årets siste episode hos vår podkast, Nynorsk no, får du høyre samtalen med festspeldiktar Stein Versto. Samtalen er leia av den prislønte forfattaren Ingrid Storholmen, og gjekk føre seg i Aasen-tunet 18. oktober 2020. Storholmen har god kjennskap til forfattarskapen til Versto og losa publikum gjennom ein spennande og variert karriere.

Stein Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Sjølv har han skrive tekstar til fleire artistar, og står også bak romanen Nidaros (2013). Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar, og han har skrive om folkemusikk og folkedikting. Fela blir også med til Aasen-tunet denne ettermiddagen.
 
 Odd Nordstoga og Stein Versto har saman vore festspeldiktarar i 2020. Det mest kjende samarbeid mellom dei to er songen «Frøken Franzen», og der er ei lang rekkje fleire songar frå Nordstoga som Versto har skrive tekstar til. På nynorsk.no kan du finne ei rekkje innslag som festspeldiktarane og andre har laga til Digitale festspel 2020.

Stein Versto. Foto Ånond Versto.

Stein Versto, kulturarbeidar og kunstnar med mangesidig aktivitet som forfattar, musikar, omsetjar og forlagsredaktør. Versto er festspeldiktar saman med Odd Nordstoga under Dei nynorske festspela i 2020.

Bilete av Ingrid Storholmen
Ingrid Storholmen, foto: Merete Haseth
Ingrid Storholmen er ein lyrikar og litteraturkritikar frå Trondheim. Storholmen har vore litteraturredaktør i Morgenbladet og står bak ei rekkje bøker som Krypskyttarloven (2001), Siriboka (2007) og Støvberar (2020).