Digitale festspel 2020

Ulla

I denne videoen kan du sjå og høyre forfattar Anna R. Folkestad, som illustrerer sine eigne bøker. Det er forfattaren sjølv som har laga videoen.

Ulla og flokken leikar gøymsle. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne. Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekkje andre dyr. Saman med dei nye venene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken sin?

Bilete av Anna Folkestad som held boka Ulla
Forfattaren Anna Folkestad illustrerer sine eigne bøker.
Bilete av Anna Folkestad
Anna Folkestad. Foto: Bodil Haga

Anna R. Folkestad er barnebokforfattar og illustratør. Ho nyttar eigne illustrasjonar i nynorskbøkene sine for dei yngste.

 

Forfattaren vender seg til dei aller yngste lesarane, og samspelet og harmonien mellom illustrasjonar og tekst har særleg appell til denne målgruppa. Som illustratør nyttar ho sterk og klar fargebruk, og ho har eit engasjert visuelt uttrykk. Språket i bøkene er kjenneteikna av humor og livsglede, samstundes som bøkene tilbyr innsikt og opnar for funderingar rundt verdiar og samspel mellom individ.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email