Digitale festspel 2020

Utkant

I novella «Utkant» skildrar Marit O. Kaldhol ei mor og sonen hennar i eit dystopisk landskap. «Utkant» er henta frå antologien Ingenmannsland (Samlaget, 2020).

Kunstnar Henrik Koppen har produsert denne filmen til Kaldhol si novelle. 

Det er forfattaren sjølv som les.

Bilete av Marit O. Kaldhol

Marit O. Kaldhol (f. 1955) er frå Ålesund. Frå debuten i 1983 har den internasjonalt prislønte forfattaren veksla mellom reine poetiske tekstar og prosatekstar. Ho har skrive både for barn, unge og vaksne. Sist utgitte bok er romanen ta først på di eiga maske (Samlaget, 2020).

Les meir på:

Henrik Koppen (f. 1990), kunstnar, busett i Velsvik i Volda. Koppen arbeider med performance, installasjon, musikk, video- og lydkunst.

Les meir på heimesida hans.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email