Digitale festspel 2020

UTSYN | samsyn

«UTSYN | samsyn» er den andre filmen som er laga i høve 20-årsjubileet til Ivar Aasen-tunet. Koreografien er inspirert av arkitekturen til Sverre Fehn i Ivar Aasen-tunet, som tek utgangspunkt i Ivar Aasen sitt liv og virke. Dette dannar bakteppet for ein film om å stå saman i fellesskap, med alle våre ulike perspektiv og andre ulikskapar, og om saknet ein kan kjenne på når dette blir borte.

Koreograf og dansekunstnar Einy Åm Sparks står for koreografi, regi og produksjon. Atle Vasbotn Remmereit er filmfotograf. Filmen er utarbeidd i samarbeid med Ivar Aasen-tunet og Ørsta og Volda Ballettskule. Produksjonen er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk kulturfond.  Sjå også den første filmen her: UTSYN

Lydbiletet er samansett av m.a.:
«Språkfødsel: En kryptofoni» av Arne Nordheim
«Vandring» og «Hoppla» av Holum trio
Originalmusikk av Geir Petter Hjorthol
«4 151» og «5 75» av Michael Wall / soundFORMovement.com

Dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule:
Giselle Sefu
Ingrid Ovidia Alfsvåg
Live Bjerkvik
Oda Elise Grimstad
Johanne Hovden
Li Na Osborg
Frida Runde

Filmfotograf:
Oclin ved Atle Vasbotn Remmereit, oclin.no

Kostymer:
Gry Marita Åkre Grimstad
Synnøve Rekkedal Hill
Liv Åm

Bilete av EIny Åm Sparks.
Einy Åm Sparks. Pressefoto

Einy Åm Sparks (f. 1978) er film- og dansekunstnar og driv firmaet EyeKnee Coordination. Ho er frå Volda og er utdanna i London. Med New York som base i mange år har ho skapt fleire danseframsyningar og filmarbeid som har vore viste både i Noreg, USA, England og Japan. Nyleg fekk ho tildelt midlar frå Sparebankstiftelsen SMN.

Meir informasjon på eyekneecoordination.org

 

 

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre