Digitale tenester

På allkunne.no finn du over 26 000 kvalitetssikra leksikonartiklar på nynorsk om all verdas emne. Her finn du også temasider om aktuelle emne som klimaendringar, folk på vandring og nynorsk skjønnlitteratur. Du kan også prøve deg på kvissar om blant anna språk, litteratur og historie.

På tunkatten.no kan barna lese og høyre spennande forteljingar, songar og lydbøker. Eller kanskje bli med på ein ordleik? Ordspionen Lurivar er svært glad i å samle på nye og rare ord frå barn, som gitarmage og jålepote. Hjelp gjerne barna med å sende inn fleire ord til den superkuleordlistelista.

«Rekvisittar for eit liv» er ei nettutstilling som tek utgangspunkt i 20 gjenstandar som Ivar Aasen i si tid eigde. 20 forfattarar har skrive ei forteljing til kvart sitt bilete, og gir med det gjenstandane nytt liv. Utstillinga er laga for vidaregåande skule, men ho kan også fungere på ungdomsskulesteget.

Leiter du etter bøker, ein unik kopp, ei artig t-skjorte, Ivar Aasen-boksar for damer og menn eller kanskje leiker og smekke til ungar? Besøk gjerne nettbutikken vår.