Nynorsk vinyl – songskatten i rillene

Illustrasjonsbilete. Foto: Arild Torvund Olsen

Musikk er ein effektiv veg inn til hjartet. Den nynorske songskatten har vore med på å gjere nynorsken til ein viktig del av identiteten vår. Vi vert gripne når vi høyrer «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», vi kryp inn i armkroken til kjærasten vår til lyden av «Vi vandrar saman», og vi skrålar med til «Kveldssong for deg og meg». Plater, ikkje minst på vinyl, har vore eit av dei viktigaste media for å spreie denne songskatten dei siste hundre åra. Lydbølgjene i rillene har gjort det mogleg for oss å høyre dei nynorske songane heime i stova vår, slik at musikken til små og store artistar kan nå ut til oss, same kvar i landet vi bur.

Målet med denne utstillinga er å syne fram nokre av dei som har gjort dei nynorske platene til viktige kulturberarar. Artistane, pionerane, tekstforfattarane, plateselskapa og institusjonane – saman har dei skapt og spreidd songskatten i rillene.

Tekst og foto: Arild Torvund Olsen, Høgskulen i Volda.
Utstillingsansvarleg: Anders Aanes

Share on facebook
Share on twitter
Share on email
Kjelder

Platesamlinga til Arild Torvund Olsen

Jan Eggum, Bård Ose, Siren Steen og Jon Vidar Bergan: Norsk pop- & rock-leksikon. Vega forlag 2013
Alfred Fidjestøl: Trass alt – Det Norske Teatret 1913–2013. Samlaget 2013
Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Nynorsk kultursentrum 2015
Ottar Grepstad: «Barnetimetanta i eventyrbyen». Nynorsk kultursentrum 2018
Lillebjørn Nilsen: Flere viser. Gyldendal 1971
Terje Nilsen (red.): Ei vise er så mangt. Rockheim 2017
Odd Nordstoga: Songfuggel i karmen. Samlaget 2007
Arild Torvund Olsen: «Litt av kvart frå platebunken». Norsk Tidend nr. 5–2015
Arild Torvund Olsen: «På Norsk L/L». Allkunne.no
Arild Torvund Olsen: Svartmetallestetikk. Masteroppgåve, NTNU 2005
Tom Ostad: «Det er jo ikkje til å koma forbi at nynorsk ER mykje tøffare enn bokmål», Framtida.no 2018
Tom Valle og Arild Bratteland: Norske diskografier nr. 5: Musica. Eige forlag 1991
Vidar Vanberg: Norges første grammofonstjerner og grammofon­innspillinger. Eige forlag 1982
Marie Lovise Widnes: Ein glytt innom gangdøra. Setesdalsforlaget 2012
Terje Aarset: Den nynorske songskatten. Fagbokforlaget 2009
Ole Christian Øen: OCs Grand Prix blogg

Aftenposten 15.3.1904
«Ei vise er så mangt». NRK 13.4.1968
Firda Folkeblad 22.11.1938
Kringkastinga og språket. Kringkastingsringen 1956