Barneplatene

NRK-program som barnetimen var lenge ein viktig arena for å spreie nye barnesongar i Noreg. Takk vere nynorskbrukande programleiarar som Marie Heggen fekk mange barn over heile landet sine første møte med moderne nynorske barnesongar. Om noko hadde vore ein suksess i radioen, var gjerne plateselskapa meir opne for å la artistane spele det inn på plate. Mange av dei første nynorske barneplatene var dermed laga med utgangspunkt i songar frå radioprogram.

Alt i 1958 hadde Marie Lovise Widnes den sjølvkomponerte barnetimesongen «Truls og Basse» med på EP-en Barnas plate nr. 1, ei samleplate som i tillegg hadde bidrag frå mellom andre Alf Prøysen. To år etter, i 1960, platedebuterte mannen som snøgt skulle verte den store stjerna innanfor nynorske barneplater på sekstitalet: Ingebrigt Davik. Han gav ut mange plater, som I Lissomskogen og Kekk-Kekk og Kjia på Kjaholmen, men det var særleg det musikalske høyrespelet om Taremareby som gjorde stor suksess. Forteljingane frå Taremareby kom ut i mange plateversjonar, både her til lands, på Island (Æfintýri í Mararþaraborg) og i Danmark (Det skete i Tange-Langeland).

Men det er ikkje berre radioprogram som har fungert som utgangspunkt for nynorske barneplater. Det finst òg barneplater tufta på teaterstykke, som dokketeaterplata Eventyrkista (1979) og Det Norske Teatret og Riksteatret sine innspelte sceneversjonar av Taremareby. Eit anna vanleg utgangspunkt er å lage plater av barnedikta til ein forfattar. Det ser vi på barnestjerna Bibbi Styve sin EP frå 1960 med tonesette dikt av Jan-Magnus Bruheim, eller – for å ta eit nyare døme – gruppa Morgonfrosken sine barnesongar med tekstar av Per Olav Kaldestad. Og så har det vorte laga barneplater med utgangspunkt i songbøker, der særleg Rocken Bom og andre frå Songboka mi (1983) har hatt suksess. På den plata har produsent Rolf Løvland arrangert pop- og rockeversjonar av songar som «Dei tre små fisk», «Du skal ikkje tru det blir sommar» og «Spela på ei ause», og plata var ein av storseljarane til plateselskapet På Norsk L/L.

Ingebrigt Davik: Det hende i Taremareby (1960)

Det Norske Teatret: Taremareby (1966)

Olav Stedje, Tove Knutsen, Bo, Jens Graasvoll og Dag Skram: Rocken Bom og andre frå Songboka mi (1983)

Les meir om Ingebrigt Davik på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email