Dei første nynorskplatene

«Operasanger Jens Berntsen afreiste igaar til Kjøbenhavn for at optræde – for en Grammofon.» Slik byrja ein notis i Aftenposten 15. mars 1904, og slik byrja på mange måtar den norske grammofonplatehistoria. Jens Berntsen var ein barytonsongar og kordirigent frå Ålesund, og opptaka med han er dei eldste stadfesta innspelingane der ein norsk artist har sunge inn musikk på plate. Den første songen Berntsen spelte inn, var «Gamle mor», med tekst av Aasmund Olavsson Vinje, og dermed var nynorsken til stades frå første tone i den norske platesoga.

I desember same året vart det for første gong spelt inn grammofonplater her i Noreg. Då organiserte The Gramophone Company innspelingsøkter på Grand hotel i Kristiania. Av dei tolv artistane som var med på desse innspelingane, var det tre som song inn nynorske tekstar: Thorvald Lammers, Clara Hultgren og Halfdan Rode. Dei neste åra kom songarar som til dømes Rolf Hammer, Hjalmar E. Røren, Carsten Woll og Nathalie Hansen med fleire nynorske innspelingar, både her i landet og i utlandet – ikkje minst i Amerika. Det nynorske repertoaret desse første åra var i all hovudsak tekstar av diktarar som Aasen, Garborg og Vinje, tonesette av klassiske komponistar. Moderne slagersong, derimot, var framleis upløgd mark for nynorsken.

© 

Amerikanske plater

I USA kom det ut mange nynorskplater retta mot norskamerikanarar. Her er tre døme.

Carsten Woll: «Millom bakkar og berg» (Pressing frå ca. 1925)

Rolf Hammer: «Fyrestev» (1914) (Tittelen er stava feil på etiketten)

Thorvald Lammers: «Österdalsmarschen» Pressing frå ca. 1908–1917, Foto: Olaf Andreas Schjerven

Share on facebook
Share on twitter
Share on email