Det nynorske plateselskapet

Forlagsverda hadde Det Norske Samlaget, Noregs Boklag og andre nynorskforlag, som alle var med på å sikre eit breitt tilfang av nynorsk litteratur. Men det mangla eit nynorsk plateselskap som kunne ha ei tilsvarande rolle for den nynorske musikken. Rett nok hadde musikklivet god hjelp frå alle dei andre nynorske institusjonane, jamfør alle platene med innspelingar av dikt frå samlagsbøker og songar frå musikalar på Det Norske Teatret. Likevel var det på mange måtar eit hol der det nynorske plateselskapet skulle ha vore.

Den første freistnaden på å tette det holet kom då organisasjonen Kringkastingsringen ville skipe platemerket Ringen grammofonplater. I heftet Kringkastinga og språket skriv dei i 1956 utførleg om planane om å spele inn plater med amerikanske folkesongar omsette av Edvard Os, viser av Jakob Sande, utanlandske slagerar med nynorsk tekst og meir. «Det er ingen ting i vegen for at vi kan gjennomføra slike planar, bortsett frå at vi treng pengar til ein god start», skriv dei. Dei pengane kom tilsynelatande aldri, for det vart berre ei einaste plate som kom ut på Ringen: Ei innspeling der Peder Alhaug syng religiøse songar av Matias Orheim.

Det var ikkje før i 1982 at det første verkeleg reindyrka nynorske plateselskapet vart stabla på beina. Då gjekk Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, Kringkastingsringen, Noregs Boklag, Det Norske Samlaget, Landslaget for spelemenn, TT-studio, Heilo Musikk, Oppsong A/S og Det Norske Teatret saman og skipa plateselskapet På Norsk L/L.

På Norsk L/L satsa breitt med både musikk og innlesingar av lyrikk, og gav mellom anna ut gode plater med artistar som Kari Bremnes, Henning Sommerro, Hege Tunaal, Ivar Medaas og Ove Thue. I tillegg hadde dei suksess med barneplata Rocken Bom og andre frå Songboka mi. Til saman kom det ut 19 album og tre singlar på selskapet, men utetter åttitalet byrja diverre økonomien å svikte, og etter fleire år med budsjettunderskot gjekk På Norsk L/L konkurs i 1988.

Ringen grammofonplater


Etiketten til platemerket Ringen skulle etter planen kome i fleire fargevariantar, men manglande finansiering gjorde at det vart stopp etter den første 78-plata: «Å, var eg meir deg, Jesus, lik» / «Eg hev ei tenesta stor for Gud» (1956). Båe songane på plata var skrivne av Matias Orheim og sungne av Peder Alhaug.

Ivar Medaas og Ove Thue: Ansikt til ansikt (1987)

Kari Bremnes og Lars Klevstrand: Tid å hausta inn (1983)

Les meir om På Norsk L/L på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email