Julesongen

«Det lyser i stille grender» er i dag ein julesong som nesten alle kan, så det er rart å tenkje på at han ein gong har vore relativt ukjend. Teksten vart skriven av Jakob Sande ein varm sommardag i 1931, og på førtitalet komponerte Lars Søraas d.y. den no klassiske melodien. Men kva tid kom den første plateinnspelinga? I fleire bøker står det skrive at den første innspelinga av «Det lyser i stille grender» var med Sandefjord jentekor i 1974. Men songen kom i røynda ut på plate meir enn 20 år tidlegare, og komponisten sjølv var faktisk involvert. I mars 1953 kom det nemleg ut ei 78-plate med Bergens­ Ynglingeforenings­ Sangforening, dirigert av Lars Søraas. Side A på plata har tittelen «Jolesong» og er kreditert Lars Søraas og Jakob Sande. Ei gjennomspeling syner at det her er snakk om «Det lyser i stille grender». Men denne første innspelinga kom ut i eit opplag på berre 300.

Utetter femti- og sekstitalet vart songen litt etter litt teken inn i fleire songbøker og songhefte, og på syttitalet byrja han endeleg å dukke opp på vinyl. Først ut var det kristne plateselskapet LU-MI, som i 1971 gav ut ein LP med tittelen Det lyser i stille grender. Deretter kom innspelingar med mellom andre Sandefjord jentekor, Vinje songlag og Ivar Medaas, og i 1983 spelte Olav Stedje inn songen. Men det var i 1987 det verkeleg tok av. Då tok Sissel Kyrkjebø songen med på plata Glade jul, som vart den mestseljande LP-plata her til lands, og dermed hadde nesten alle i Noreg ei innspeling av «Det lyser i stille grender» i hus. Frå og med då har songen nærast vorte standardrepertoar på norske juleplater, og om vi legg saman alle platene han er på, er han seld i millionar av eksemplar. Litt av ein kontrast til den spede byrjinga med ei 78-plate i 300 eksemplar.

Bergens Ynglingeforenings Sangforening: «Jolesong» (1953)

Det lyser i stille grender (1971)

Share on facebook
Share on twitter
Share on email