Metallen

Heavy metal på åttitalet var i hovudsak eit reint engelskspråkleg fenomen. Det engelske idealet var faktisk såpass rådande at musikarane kunne finne på å kalle seg for slikt som Cat eller Jack når dei eigentleg heitte Cato eller Jørn. Men utetter åttitalet og inn mot nittitalet hende det noko i samband med framveksten av undersjangeren svartmetall. Det spesielle med svartmetall var at norske grupper var musikalske pionerar som i stor grad var med på å leggje det musikalske og estetiske grunnlaget for sjangeren, ikkje berre her til lands, men på verdsbasis. Dermed var det ikkje lenger naudsynt for dei som ville vere sjangertru og «ekte», å oppføre seg som om dei kom frå Los Angeles eller Bay Area i San Fransisco. Norske referansar som Kittelsen og Vesaas vart sjangerrelevante, og med det fekk òg nynorske tekstar eit rom innanfor norsk ekstremmetall.

Mannen som var først ute med nynorske tekstar i norsk metall, var den musikalske tusenkunstnaren Gylve Fenris Nagell, best kjend frå svartmetallgruppa Darkthrone. I songen «Vinterskugge», spelt inn i 1993 med einmannsprosjektet Isengard, kastar Kolbotn-guten seg ut i nynorskbruken med smittande entusiasme og musikalitet. Innstillinga hans ser ut til å vere den same som når han på eiga hand trakterer alle dei ulike instrumenta på plata: Det er ikkje så farleg om det er litt rusk i detaljane, så lenge den rette kjensla og drivet er på plass.

Etter kvart var det fleire ekstremmetallgrupper som såg at nynorsk kunne vere eit alternativ til engelsk. Nokre, som Darkthrone, Arcturus og Gorgoroth, tok nynorsken i bruk i ein song eller to. Andre, som Enslaved, Manii, Cor Scorpii, Solefald og Vreid, gav ut heile LP-plater med nynorske tekstar. Desse artistane er internasjonale på eit nivå som få andre nynorskartistar kan måle seg med. Platene deira kjem gjerne ut på plateselskap i Frankrike, England eller USA, og dei har eit stort internasjonalt publikum – eit publikum som gjerne let seg fascinere av det nynorske språket.

Enslaved: Blodhemn (1998)

Manii: Kollaps (2013)

Cor Scorpii: Ruin (2018)

Les meir om svartmetall på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email