Musikalane

Då Det Norske Teatret i 1949 byrja med musikalar, fekk nynorsken brått ei ny kjelde til slagerar. Oppsetjingar som Oklahoma gjorde at folk gjekk heile dagen og nynna på «Å, for ein strålande morgon» og andre nynorske musikalsongar, og utetter femtitalet kom dei første nynorske musikalplatene. Skodespelar Lasse Kolstad song alt i 1950 inn «Moses» og «Elvemannen» frå Teaterbåten, og i 1957 kom Nora Brockstedt med ei fin, jazz-inspirert 78-plate med songane «Bill» og «Eg må halde av mannen min» frå same musikalen. Den første nynorske musikalplata på vinyl var det østfoldingen Torhild Lindal som stod for. Ho gav i 1956 ut ein EP med fire songar frå Annie Get Your Gun – ei av dei første nynorsk­platene som kom med biletomslag.

Frå sekstitalet og utetter kom det mange musikalplater på vinyl. Suksessen Spelemann på taket (1968) kom ut på ein titoms-EP, der vi kan høyre Lasse Kolstad syngje «Om eg var ein rik mann». I tillegg fekk vi LP-ar som The King and I (1966), Mannen frå La Mancha (1970), Jacques Brel er her i kveld og bur bra i Paris (1975), Jeppe (1976), Så lenge skuta kan gå (1979) og Cats (1985), for å nemne nokre.

Spelemann på taket (1968)

28. mai 1956 hadde Philips denne annonsen for Annie Get Your Gun i mange norske aviser. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Les meir om Det Norske Teatret på Allkunne.no:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email