Rockespråket

«Det er noko med krafta i nynorsk som gjer det så godt eigna til rock. Ein får lyst til å klatra opp på næraste fjelltopp, riva av seg kleda og berre brøla mot månen til stemmebanda slintrar rundt i halsen som morkna syltestrikkar. Eg trur det har noko med diftongar å gjera.» Det skreiv Tom Ostad, vokalist i gruppa Blodsmak, i ein tekst på nettstaden Framtida.no. Ostad er ein av fleire rockemusikarar som har teke i bruk nynorsk som songspråk utan å ha vore nynorskbrukar i utgangspunktet.

På sekstitalet fanst det ikkje eit utvikla norsk rockespråk. Rockegruppene heldt seg til engelsk, og dersom dei – helst motvillig – måtte syngje noko på norsk, sklei det gjerne rett over i sviskete slagersong med det same. Men på syttitalet endra haldningane til norsk rock seg, og det var bergensgruppa Saft som bana veg. På debutplata si frå 1971 har Saft med «Fjøsvise», ein nynorsk rockeballade skriven av vokalist Ove Thue. «Fjøsvise» vert rekna som det første viktige dømet på bruk av sjølvskrivne, norske tekstar innanfor ein rocketradisjon. Året etter kom gruppa Eddy Zoltan med den første singelen sin. Der, gøymd bak ei A-side med lettbeint dansemusikk på bokmål, finn vi songen «Tjugeni», den første norske innspelinga av tung, bluesbasert progrock med sjølvskrivne, nynorske tekstar.

Det er påfallande mange av dei gruppene som var tidleg ute med norskspråkleg rock, som eksperimenterte med å skrive tekstar på nynorsk, gjerne uavhengig av eigen språkbakgrunn. Og fenomenet gjorde seg gjeldande over heile landet. Saft frå Bergen, Zoo frå Stokmarknes, Outlaws frå Sortland, Opera Buffa frå Steinkjer, Eddy Zoltan frå mjøstraktene og Undertakers Circus frå Lillestrøm er alle døme på grupper som spelte inn rock på nynorsk i første halvdelen av syttitalet. Frå midten av syttitalet byrja det òg å kome ein del rock på dialekt, med Åge Aleksandersen som viktig føregangsmann. Kan hende gruppene meinte det var meir kraft å hente i nynorsken og dialektane enn i eit bokmål som var såpass gjennomsyra av ein tannlaus slagertradisjon? Kan det rett og slett, som Ostad skreiv, ha noko med diftongar å gjere?

Manne: «Den lille humle» / «Tjugeni» (1972)
Den første singelplata til Eddy Zoltan kom ut under namnet til Manne (Kjøs), den eine songaren i gruppa.

Saft: Saft (1971)

Opera Buffa: «Brytningssommar» / «Bli forarga» (1974)

Les meir Om Eddy Zoltan på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email