Slagerpionerane

Akres trio og Torgeir Audunson: «Vestlandsvalsen» / «Spel ein rundvals» (1938)

I november 1938 hadde plateselskapet Columbia fleire avislysingar for «Dei fyrste slagere med nynorske tekstar». Plata det vart reklamert for, var «Vestlandsvalsen», og med den innspelinga tok nynorsken steget inn i populærmusikken.

Bergensaren Torgeir Audunson, som syng på plata, var ein aktiv songar og slagertekstforfattar på trettitalet. Dessutan var han den komande svogeren til Jakob Sande, og teksten til «Vestlandsvalsen» er eit samarbeid mellom dei to. Plata kom på marknaden i november 1938, etterfølgd av fleire andre nynorske songar frå Audunson. Marknadsføringa til Columbia, både i lysingar og katalogar, gjorde eit stort nummer av at songane var på nynorsk. Det skulle likevel ta mange år før den nynorske populærmusikken slo gjennom for fullt, og gjennombrotet kan vi takke to andre bergensarar for: «radiofantoma» Kurt Foss og Reidar Bøe.

Ved inngangen til femtitalet brasa Kurt Foss og Reidar Bøe inn i norske øyre og hjarte med slagerar om kjærleikslengt, utferdstrong og kattesprenging. Nynorsktekstane dei hadde på repertoaret, henta dei frå diktsamlingane til Jakob Sande, og melodiane komponerte dei sjølve. Det byrja med «Kokkedrengen» i september 1950, og heldt fram med songar som «Fabel», «Kleppe-Marit» og «Kallen og katten». I 1954 vart fire av Jakob Sande-tolkingane deira samla på ein EP – ei av dei aller første norske vinylplatene. Nynorsken var slik tydeleg til stades då norsk plate­bransje byrja overgangen frå 78-plater av skjellakk til moderne plater av vinyl. EP-en fekk tittelen Kurt Foss & Reidar Böe synger viser av Jacob Sande, og platebransjen feilstava dermed – korkje for første eller siste gong – namnet til Jakob Sande.

Medan Foss og Bøe henta tekstane sine frå andre, var det ein annan pioner på femtitalet som slo gjennom med sjølvskrivne, intelligente tekstar på nynorsk. Marie Lovise Widnes frå Vanylven hadde sunge og dikta viser i årevis då ho i august 1957 fekk prøve seg i studio i Oslo. På to dagar spelte ho inn tolv av visene sine for plateselskapet Philips, og særleg ei av dei vart ein kjempe­suksess: «Gangdøra». Songen om gangdøra heime som har sett både det eine og det andre, vart ein storslager på både vinyl og 78-plate.

Kurt Foss og Reidar Böe synger viser av Jacob Sande (1954)

Kurt Foss og Reidar Bøe: Kleppe-Marit og andre viser (1958)

Marie Lovise Widnes: Gangdøra (1957)

Marie Lovise Widnes: Kjærleiksvegen (1958)

Les meir om Marie Lovise Widnes på Allkunne.no.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email