Storseljarane

I 2002 kom det ut ei barnesongbok på Det Norske Samlaget, Song for deg og meg, redigert av ein då halvkjend musikar med namnet Odd Nordstoga. Boka skulle innehalde songar frå den klassiske songskatten, men òg nyare stoff, og Nordstoga hadde difor funne ut at han ville leite gjennom nokre barnediktbøker for å sjå om han kunne finne tekstar å setje tone til. I samlinga Elefantmusikken av Ragnar Hovland fann han eit dikt, ein slags parodi på «Fager kveldsol smiler», som merkte seg ut. På nokre få minutt skreiv Nordstoga ein melodi til diktet, og den nye songen kom med i songboka. Då Nordstoga to år etter gav ut plata Luring, var den same songen, som altså heitte «Kveldssong for deg og meg», med der òg. Då tok det heilt av. Songen, der både tekst og melodi blanda det kjende og trygge med noko vilt og uventa, trefte tydelegvis ein nerve hos folk. «Kveldssong for deg og meg» vart ein kjempeslager som gjorde at Luring toppa VG-lista i veke etter veke, og brått vart Odd Nordstoga rikskjendis. Alt takk vere ein song – på nynorsk – om ein gris som hyler.

Storseljarar som Luring gjer nynorske songar til fellesreferansar for folk i heile Noreg. På grunn av plata til Odd Nordstoga er det truleg fleire som kan Hovland-diktet «Kveldssong for deg og meg» enn som kan andreverset på «Ja, vi elsker». På same vis har dei rekordseljande plateinnspelingane til Sissel Kyrkjebø gjort songane «Vestland» og «Det lyser i stille grender» langt meir kjende enn dei elles ville ha vore. Og det er ikkje mange lyrikarar som har rørt like mange som det Svein Dag Hauge gjorde med teksten «Vi vandrar saman», takk vere innspelinga til Olav Stedje. Når ein nynorsk tekst møter den rette tonen og den rette artisten, kan han rett og slett nå fram til folk på eit vis og med eit omfang som få andre nynorske kulturuttrykk kan måle seg med.

Odd Nordstoga: Luring (2004)

Då Luring kom ut, gav dei store norske plateselskapa nesten berre ut musikk på CD-ar, ikkje på vinylplater. Dei som ville ha Luring på vinyl, måtte difor vente nokre år.

Ingebjørg Bratland: Månesinn (2015)

Månesinn har selt over 40 000 fysiske eksemplar – mest på CD, men òg på LP. I tillegg kjem strøymetala.

Olav Stedje har fått mange sølvplatetrofé, mellom anna dette for singelen «På flukt» (1986), som har tekst av Ingvar Moe og tone av Jonas Fjeld.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email