Visebølgja

Midt på sekstitalet voks det i Oslo fram eit ungt visemiljø som var inspirert av den amerikanske «folk revival»-bølgja. Repertoaret til dei norske visesongarane var i byrjinga gjerne henta frå dei amerikanske førebileta, og mange song difor stort sett på engelsk. Men i motsetnad til rocken, der engelsken var rådande gjennom heile sekstitalet, fekk visesongen tidleg pionerar som var føredøme for å syngje på norsk, til dømes Alf Cranner, Birgitte Grimstad og Ivar Medaas. På sekstitalet hadde desse tre artistane mange nynorske songtekstar på repertoara sine, og dei var slik med på å etablere og fremje nynorsk som visespråk. At Hartvig Kiran med stø hand og musikalsk teft hadde attdikta amerikanske viser til nynorsk i boka Tom Duley og andre viser (1962), var truleg òg medverkande til at nynorsken tidleg slo gjennom i visekrinsar.

I april 1968 sende NRK fjernsynsprogrammet «Ei vise er så mangt». Der deltok mange songarar frå det unge visemiljøet, til dømes Lillebjørn Nilsen, Hege Tunaal, Lars Klevstrand og Kari Svendsen. Programmet tematiserte mellom anna det at visemiljøet då var i ferd med å ta i bruk norsk språk, og i den samanhengen drog Lillebjørn Nilsen særleg fram tekstane til Hartvig Kiran. Fem år etter kom Lillebjørn med gjennombrotsplata si, Portrett (1973). Der hadde «John Riley», ei flott tolking av ei av attdiktingane­ til Kiran, ein sentral plass. I tillegg hadde osloguten Lillebjørn, innimellom bokmålstekstane sine, byrja eksperimentere med å skrive eigne songtekstar på nynorsk, som «Ola Tveiten». Nynorsken hadde rett og slett vorte ein del av stilidealet i norsk visesong.

Etter kvart vart viserørsla eit landsfemnande fenomen, og nye viseklubbar grodde fram mange stader i landet. Visesong vart dessutan ein viktig reiskap i fleire politiske saker, som distriktspolitikk, feminisme og kampen mot EEC/EF. Framleis finst det eit levande norsk visemiljø, og takk vere grunnlaget frå sekstitalet, har nynorske viser framleis ein sentral plass i repertoaret til mange norske visesongarar.

Lillebjørn Nilsen: Portrett (1973)

I boka Flere viser (1971) tok Lillebjørn Nilsen med «Det mjuke håret», ein nynorsk tekst han hadde laga til ein folkesong frå Hebridane. «Dette er den eneste tekst jeg noen gang har gjort på nynorsk», skriv han om songen. Men det skulle kome fleire nynorsktekstar frå Lillebjørn, mellom anna på plata Portrett, som kom to år etterpå. Der skreiv han på ny ein nynorsk tekst til ein britisk folkesong. Resultatet vart «Ola Tveiten», ein klassikar i den nynorske songskatten.

Lars Klevstrand: Vi skal ikkje sova (1968)

Hege Tunaal: Vide med vind (1974)

Les meir om Hartvig Kiran på:

Les meir om Ivar Medaas på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email