Har du hjarte for digital formidling?

Digitalformidlar

Vil du bruke det du kan om mediedesign, video og lyd? Har du hjarte for digital formidling? Vi har ledig stilling som digitalformidlar i Vinje.

Vi ser etter deg som kan og forstår sosiale medium, nettstader og andre digitale flater. Du er nysgjerrig på kva ulike målgrupper er interesserte i, oppdatert på moglegheitene i teknologien og glad i å fortelje historier på ulike måtar.

Den digitale formidlinga i Nynorsk kultursentrum tek utgangspunkt i nynorsk språk og litteratur, samlingane våre og dei emna og tema vi formidlar. Det er stort rom for kreativ innhaldsutvikling innafor desse rammene.

Stillinga er nyoppretta og den som blir tilsett får høve til å vere med å utvikle og forbetre den digitale infrastrukturen i organisasjonen. Digitalformidlaren har ansvar for å produsere og lære opp andre tilsette i å formidle til dømes lyd, video og andre digitale ressursar for nettstader, sosiale medium og utstillingane våre. Du samarbeider med mange ulike fagfolk i- og utanfor organisasjonen med å utvikle det kulturfaglege innhaldet.

Aktuell utdanning kan vere til dømes grafisk design, animasjon, spelteknologi, digitale medium, videojournalistikk, lyd- og videoproduksjon og liknande.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Stiftinga driv også tre festivalar, det digitale oppslagsverket Allkunne og seks skuleturnéproduksjonar.

Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser og helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Oppatart etter avtale og stillinga har kontorstad ved Vinje-senteret i Vinje kommune. Fleire opplysingar får du hos dagleg leiar ved Vinje-sentert, Kristian W. Rantala, 41 01 72 55.

Grip sjansen. Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument til post@nynorsk.no.

Fagområde:

Digital formidling

Arbeidsstad:

Vinje-senteret, Vinje

Tittel:

Digitalformidlar

Utdanning:

Høgare utdanning

Søknadsfrist:

Snarast

Oppstart:

Etter avtale.

Stillingstype:

Fast stilling, 100 %