Ervingen var det fyrste skodespelet på landsmål, og Aasen gav det ut anonymt.
Det var eit syngjespel (vaudeville), og inneheldt fleire songar som seinare har vorte kjende, til dømes «Dei vil alltid klaga og kyta».
Stykket har ein enkel intrige om odelsretten til ein gard med ei innlagd kjærleikshistorie. Det er eit av dei aller mest spela amatørteaterstykka i Noreg.
Utgåver
Aasen sjølv redigerte og korta ned stykket i andreutgåva frå 1874, og det er denne versjonen som seinare har vorte spela og prenta i ei rad utgåver. Skrifter i Samling II (1911-12) har med fyrsteutgåva frå 1855.
Send faktura med EHF. Dersom du ikkje har det sender du fakturaen til faktura@nynorsk.no
Organisasjonsnummer:
976 013 263
Redaktør Maria Fet
Ansvarleg redaktør Per Magnus F. Sandsmark
© 2020 Alle rettar
Personvern / Vilkår for bruk