Symra (1863)

Dette var den einaste diktsamlinga til Aasen. Han gav ut boka anonymt, men det vart snøgt kjent at han var diktaren.

Her finn vi nokre av dei mest kjende og folkekjære dikta og songane hans, som «Nordmannen» («Millom Bakkar og Berg») og «Dei gamle Fjelli» Og det var nettopp folkeeige Aasen ønskte at dikta skulle bli − dei skulle høva for «Aalmennings Hugen».

Digital utgåve frå 1996, NB.no

Som undertittel på Symra sette Aasen «Tvo Tylfter med nya Visor» (tylft = dusin = 12), og han ville at dette skulle vera viser som vart sungne. I det fyrste diktet skriv han at «Den, som laag og liten er / og tidt med Spottord stungen, / han lettnar, naar han høyra fær / sin eigen Tanke sungen».

Med diktinga ville Aasen opplysa, retta opp mishøve i samfunnet, gje gode føredøme og ikkje minst gleda og mora folk. Aasen dikta difor ikkje om seg sjølv, og dikta var ikkje nasjonalromantiske eller romantiske. Han skreiv innanfor ein poetisk realisme der det allmenne og etiske stod i sentrum, ikkje det subjektive og kjensleladde.

I byrjinga av 1850-åra sysla Aasen med planane om ei diktsamling, og stykket «Um Dikting» i Prøver af Landsmaalet i Norge (1853) kan reknast som det poetiske programmet hans. Arbeidet med Symra gjorde han i 1862-63, rett etter at fyrsteutkastet til Norsk Grammatik var ferdig.

Seinare har Symra vorte svært populær og kome i mange nye utgåver. Men då ho kom i 1863, vart boka nærast tagd i hel. Kultureliten som dominerte avisene og kulturlivet, hadde då teke til å mislika landsmålet.

Utgåver
Aasen sytte sjølv for nye og noko endra utgåver av Symra i 1867 og 1875. Tredjeutgåva frå 1875 er best kjend og har lege til grunn for seinare utgåver, mellom anna i Skrifter i Samling I (1911-12).