Diktartavla 2022 til Steinar Opstad

Bilete av Steinar Opstad
Steinar Opstad. Foto: Kristin Sampson

Laurdag 11. juni avduka Steinar Opstad si diktartavle på Diktarstien i museumstunet på Hardanger folkemuseum. Opstad er no den 30. prisvinnaren sidan Diktarstien vart oppretta i 1993 då Olav H. Hauge fekk prisen.

Etter prisutdelinga i museumstunet var det litterær samtale mellom Steinar Opstad og Stein Arnold Hevrøy, konservator i Nynorsk kultursentrum.

Elisabeth Vatn og Anders Røine hadde konsert der Opstad framførte eigne dikt.

Juryen si grunngjeving for Diktartavla 2022
Steinar Opstad har i ei årrekke blitt vurdert som ein av Norges viktigaste poetar. Opstad debuterte i 1996 med Tavler og bud, ei bok som skildrar eit problematisk far-son-forhold. Dette går att i fleire av Opstad sine diktsamlingar. Ofte kjem det saman med bilete henta frå jordbruket: «Plogfurene er så blanke / på solfylte morgener / at himmelen speiler seg i dem». Poesien til Opstad er både kroppsleg og åndeleg; tenkinga skjer i det sanselege, men også det rituelle. I eit essay skriv Opstad at: «Den poeten som ikke har gjort seg skyldig i at en verdensanskuelse blir synlig, har heller ikke gjort jobben». Gjennom dei til no ni diktsamlingane sine gjer han nettopp dette. Opstad viser lesarane måtar å sjå verda på. Ja, kanskje også føle den på. I eit dikt heiter det:  

Munkens liv leves i en tykk og fotsid kapp. Poetens 

liv må være nakent og leves i hud og hår, tegn og syner.   

I samlinga diktet er henta frå, Kjærlighetstapene (2015), er Opstad særleg oppteken av noko som forfattarskapen også meir generelt er prega av, nemleg tilhøvet mellom livet og diktet. I møte med dikt som «Sjelemesse» og «Ariel i barndommens skog» er det openbert at dikt kan gripa inn i liva til oss som les dei. Vi som har lese og høyrd Steinar Opstad ei stund er overtydd om at han fortener ein varig plass i norsk lyrikkhistorie.