Eg heiter Håvard Hedde og er så ven ein kar;
no vil eg bort og gifta meg og rydja meg ein gard.
Refreng
– Eg bur oppunder fjell,
og jenta hev eg lova, eg svik ho ikkje hell.
Eg heiter Håvard Hedde og bur oppunder nut;
no vil eg bort og gifta meg, eg vil kje ganga gut.
Garden den er liten, men skogen, den er god;
der heve eg to furer, og dei skal stå i ro.
Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på,
så høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.
Men når me verte gamle, og kvar skal hava sitt,
så høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt.
Det var no ikkje undrands at Håvard totte vondt.
Han reiste ifrå Lanjei den mørke haustenott.
Han reiste ifrå Lanjei, og då vart jenta fest,
men det var med ein annan, det hev han trega mest.
– Eg bur oppunder fjell,
og jenta hev eg lova – ho sveik meg likevel.
Tekst: Norsk folkevise
Melodi: Norsk folketone
Kjelde: Mads Berg: Skulesongbok, 1966