- 1/1
Martine Johansen
| Målgruppe | Varigheit | Antal utøvarar | Maks elevar per arrangement |
|---|---|---|---|
| 1.–4. trinn | 45 minutt | 2 | 30 |
Omtale
Produksjonen Eg vil ha rytme! Eg vil ha ord! inviterer elevane til å utforske språket sitt og er ein lettfatteleg introduksjon til poesi gjennom leik med ord, slampoesi, rim og regler.
Mange små poetar og ei musikkmaskin – saman lagar dei både rytme og rim. Med forteljing og song lærer elevane om rim og rytme av slampoet Martine Johansen. Musikar Tuva Eid akkompagnerer Johansen og elevane i arbeidet frå ord og dikt til song. Dei nyttar musikk for å understreke det rytmiske og songlege i bruk av ord. Form og innhald opnar for bruk av bornas eiga dialekt i møte med ordleiken.
Manusforfattar er Runar Gudnason. Han har teke utgangspunkt i eit dikt og ein song dei fleste ungar har høyrt, Nordmannen (også kjent som Mellom bakkar og berg), for å vise korleis dikt kan bli til song, og kva rim er for noko. Johansen og Eid skal i samspel med elevane skrive ein eigen song. Borna får utforske det nynorske språket gjennom slampoesi, tullerim og musikk. Martine Johansen har lang erfaring med å halde slamverkstader for småskuleborn og leier med stødig hand borna frå ein idé til ein ferdig song.
Nyttig informasjon
Varigheit
45 minutt
Tid opprigg
30 minutt
Tid nedrigg
30 minutt
Arena/rom
Klasserom. Utøvarane treng ei tavle eller flipover til å skrive på under framsyninga.
Antal utøvarar
2
Treng scene
Nei
Treng blending
Nei
Treng el-uttak
Ja
Ynskje til lokal arena
Utøvarane treng ei golvflate på om lag 2x3 meter. Det er ønskjeleg at elevane sit på matter på golvet.
For- og etterarbeid
Ja
Spørsmål og tinging
Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning.
For- og etterarbeid
Utøvarar og produsentar
Utøvarar
Martine Johansen er ein forfattar, kurshaldar, redaktør, regissør og slampoet frå Oslo. I tillegg til tre skjønnlitterære romanar, har ho gitt ut Den Store SLAM!boka. Ei innføring i SLAM!poesi, saman med Guro Sibeko. Johansen held slam- og skrivekurs for barn, ungdom og vaksne , mellom anna Mini-rim-rytme-maskin, ein slampoesi-verkstad for dei minste (tilpassa aldersgruppene 4–5 år og 6–7 år) og SLAM!ung, ein slamverkstad for ungdomsskule og vidaregåande. Johansen har halde kurs i regi av blant anna Sommerskolen, UKM, Litteraturfestivalen i Akershus, Mental Helse Ungdom, Oslo Pride, Skeive Kunstnere, Lørenskog kommune, Nasjonalmuseet, Nationaltheatret, Oslo kommune, Feministisk forum, Ekeberg skulpturpark og ei rekkje andre.
Tuva Elisabet Bjerkestand Eid (dei/ ho/hen) er musikar, multimediakunstnar og antropologistudent. Hen er utdanna frå Bennington College i Vermont, USA og Universitetet i Oslo. Tuva arbeidar med musikk, kunst og barn og unge i ulike format, og er for tida på turné med førestillinga "Eg vil ha rytme! Eg vil ha ord!" i regi av Nynorsk Kultursentrum. Hen er òg grunnleggar av Broderikollektivet, et politisk broderikollektiv som arrangerer broderisirklar og verkstader med barn, ungdom og vaksne i alle aldrar. I november 2024 debuterer Tuva med soloutstillinga "Dinner with Family" på SKOKS (Skeivt Kunst og Kultursenter) i Oslo. Her viser hen frem keramikk, maleri og tekstilkunst, og skapar rom for eit kollektivt verk i samarbeid med QueerCrafts.
Produsent
Om Nynorsk kultursentrum: Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.
Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.
Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.