- 1/1
Sekretær for Nynorsk forumOlav Øyehaug Opsvik. Nynorsk kultursentrum
Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjettet inkluderer ein auke på 400 000 kroner til Noregs Mållag og 1 000 000 kroner til Teater Vestland. – Det er godt at regjeringa lyttar og kjem viktige nynorskinstitusjonar i møte, men dette blir smular i forhold til dei viktige tiltaka som dei 21 institusjonane og organisasjonane i Nynorsk forum har spelt inn til regjeringa i fire år allereie, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær for Nynorsk forum.
I framlegget frå Kultur- og likestillingsdepartementet blir det peika på at det er viktig med ein aktiv språkpolitikk for å bevare nynorsk språk, som det minst brukte av dei to jamstilte norske språka. Departementet peikar mellom anna på utfordringar knytte til språkbyte frå nynorsk til bokmål hjå elevar på ungdomstrinnet og vidaregåande skule. – I Nynorsk forum sitt framlegg til departementet har vi mellom anna konkrete tiltak for å få meir kunnskap og bøte på dette problemet, noko som vi har fått eingongsløyving til tidlegare, seier Opsvik, som er skuffa over at dette ikkje er prioritert i budsjettframlegget til regjeringa.
Regjeringa løyver også meir pengar til Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med norske språkmodellar. – For framtida til norsk språk er det avgjerande at regjeringa tek tak i utfordringane som kjem med dei store generative språkmodellane og kunstig intelligens, seier Opsvik.
Til trass for nokre lyspunkt saknar sekretæren fleire tiltak for nynorskinstitusjonane. – Vi har i mange år kommunisert tydeleg om behovet for å tette gapet mellom dei to nasjonalteatera våre, sidan Det Norske Teatret ligg langt under Nationaltheatret. Dessutan trengst det ei styrking av ordboksarbeidet ved Universitetet i Bergen og andre kritiske språkpolitiske tiltak..
- I innspelet vårt til regjeringa bad vi om eit nynorsk kulturløft med tiltak på til saman 36 millionar kroner. Dette burde passe godt med regjeringa sine utspel om kulturløft i heile landet og ein aktiv språkpolitikk. No har vi trua på at dei fire budsjettpartnarane til Arbeidarpartiet kan kan bidra til å realisere språkpolitikken desse partia er samde om, avsluttar Opsvik.
Nynorsk forum er ei samanslutning av dei viktigaste nynorskinstitusjonane, -organisasjonane og -bedriftene, som mellom anna sender felles innspel til regjering og storting om statsbudsjettet og andre saker. Olav Øyehaug Opsvik er sekretær i kraft av si stilling som direktør for Nynorsk kultursentrum.